Minneord over sr. Mary Doyle (1937–2024)

R.I.P. sr. Mary Doyle 21. april 1937 – 2. juni 2024

Søster Mary Doyle.jpg

Foto: Kai Flatekvål

 

Søster Mary Doyle døydde på ein sundag. Då fekk ho det ho bad om, å få reisa vidare til ein betre stad.

 

 

Ho var den siste attlevande nonna i St. Franciskus Xaveriussøstrene på Marias Minde.

 

Eg var i tenåra då eg for aller første gong banka på døra til søstrene som budde på St. Olavs senter på Voss. Eg var nyfiken på kven desse katolikkane var, og eg var allereie då i tankane om å konvertera til katolisismen.

 

Ei nonne med strengt blikk kikka på meg då døra vart opna. Søster Mary lurte fælt på kva denne gutekvelpen ville. – Eg vil bli katolikk, sa eg. Den irske nonna inviterte meg inn. Ho høyrde kva eg hadde i tankane før ho kikka beint på meg. – Kom attende når du er vaksen, sa ho og sende meg på dør.

 

Fleire år seinare troppa eg opp att og banka på. Søster Mary tok imot meg, og eitt år seinare konverterte eg, med henne som mi gudmor.

 

Sidan då har søster Mary vore som ei andre mor, berre at ho var gift med Jesus. Ho har vore der når dei store spørsmåla skulle diskuteres, eller når det berre var Kai og laus småprat som sto på agendaen.

 

Eg kunne alltid kome til søster Mary, og då ho flytta til Bergen og vart generalforstanderinne der i 2001, vart det endå lettare å halda kontakten. Bånda vart knytt tettare då ungane kom til og me valde å døypa barna på Marias Minde. Den kloke nonna har vore ein av mine viktigaste støttespelarar både i og utanfor den katolske arenaen. Ho var alltid den kloke, men òg radikale. Ho kom aldri med peikefingeren, men bad om berre ein ting: oppfør deg, så går det meste bra.

 

Dei siste åra har ho vore sjuk, og få besøk har gjort nærleiken til det finaste mennesket eg har kjent, vanskelegare. Men me ringde kvarandre, sende bilete og heldt kontakten heilt til ho vart lagt inn på Røde Kors sykehjem. Den siste tida har eg besøkt ho regelmessig, og ho bad meg hugse på ein ting:

 

– Gå rett opp til himmelen når det er slutt. Ikkje ta nokon snarvegar før eller etter livet. Rett opp, forstår du?

 

Så drog ho sjølv – rett opp.

 

Ho let meg alltid få ta bilete av ho og livet inne i klosteret. I alle år har eg fått vera ein del av nonnene, og ein etter ein har dei forsvunne. No er den siste av søstrene gått ut av tida.

 

Søster Mary var ein av mine finaste. Ho var alltid der som seg sjølv. Ho var streng, men god og rettvis. Søster Mary vil vera med meg så lenge det er puls i meg. Takk, søster Mary.

 

Kai Flatekvål

 

Les mer: