Tysk luthersk biskop meiner protestantar bør fokusere sterkare på Maria
Den evangelisk-lutherske landsbiskopen i Bayern, Johannes Friedrich, er sterkt begeistra over pavens besøk i Bayern. "Paven preiker fullt ut evangelisk", uttalte Friedrich tysdag kveld på bayersk fjernsyn. Den lutherske biskopen sa at pavens preike under messefeiringa i München ikkje hadde innehaldt ei einaste setning som har ikkje sjølv kunne ha skrive under på.
Den lutherske biskop Friedrich gledde seg over pavens sterke vektlegging av Evangeliet i preikene sine, noko som i fylgje Friedrich hadde kome spesielt tydeleg til uttrykk under pavens preike i Altötting. Gjennom si preike i Altötting kunne paven lære protestantiske kristne til "klarare å oppdaga den bibelske Maria". Den protestantiske landsbiskopen sa at det på dette området fanst manglar innan den evangelisk-lutherske kyrkja.
Kathpress, 13. september 2006 (14. september 2006)