Kommentar: Diktator blei kvitt kritisk biskop

NTB_25mJhS20Mx4.jpg

MODIG: Biskop Rolando José Álvarez har kritisert menneskerettsbrot i Nicaragua, og blei utvist frå landet 14. januar. Foto: NTB/Reuters, Maynor Valenzuela

 

KOMMENTAR: Diktator Daniel Ortega reinsar Nicaragua for kritikarar. No er han også blitt kvitt modig biskop.

 

Tekst: Johannes Morken
Redaktør i Stefanusalliansen

 

Diktator Daniel Ortega gav seg ikkje før han var kvitt den modige biskopen Rolando José Álvarez. Den sentrale katolske kyrkjeleiaren blei utvist frå Nicaragua 14. januar, nesten eitt år etter at han blei dømt til 26 år og fire månaders fengsel på ugrunna skuldingar om ei samansverjing mot Ortega.

Biskopen har kritisert menneskerettsbrot i Nicaragua og freista også dialog mellom regimet og demonstrantar under og etter store demonstrasjonar mot Ortega-regimet i 2018.

Ifølgje ei fråsegn frå den nicaraguanske regjeringa var biskop Álvarez ein av 19 romersk-katolske politiske fangar som blei utviste – med adresse Vatikanet. Blant dei var også biskop Isidoro del Carmen Mora Ortega. Han blei arrestert 20. desember i fjor. Då hadde han fortalt kyrkjelyden at Nicaraguas biskopar var «samla i bøn» for biskop Álvarez.

 

Kampen mot kyrkja

Regjeringa takka pave Frans og Den romersk-katolske kyrkja for «den svært respektfulle og diskrete koordineringa for å gjera reisa til Vatikanet mogeleg» for dei 19, ei gruppe som også inkluderte 15 prestar og to teologistudentar.

Daniel Ortega har etter tur slege hardt til mot alle kritiske røyster. Sist ut var den katolske kyrkja, med biskop Álvarez i spissen. Biskopen blei sett i husarrest 19. august 2022 etter ein massiv politiaksjon mot bispesetet og fleire katolske kyrkjer. Ein serie prestar blei fengsla og seinare dømde – først fengsla og så utviste.

 

NTB_kDlIHlxGYqQ.jpg

MOT KYRKJA: Nicaraguas president Daniel Ortega held tale i Cubas nasjonalforsamling i høve 18-årsjubileet for etableringa av ALBA-TCP, 14. desember 2022. Foto: NTB/Pool via Reuters, Yamil Lage

 

Den 10. februar i fjor blei biskop Alvaréz dømt til 26 år og fire månaders fengsel i ei summarisk rettssak. Det skjedde dagen etter at den nicaraguanske regjeringa sette fri 222 politiske fangar og sende dei i tvunge i eksil i USA, utan rett til å venda heim. Den gongen kom det melding om at biskopen nekta å dra frå landet.

Biskopen blei i fjor fråteken statsborgarskapen sin og alle borgarrettar på livstid. Han var heller ikkje blant ei gruppe på 12 andre romersk-katolske prestar som blei sette fri og sende i eksil i Roma i oktober 2023. Men no har altså Ortega fått viljen sin, han har fått kasta biskopen på dør og låst døra.

 

Dystert val

Det er sjølvsagt grunn til å gleda seg over at biskopen og dei andre religiøse leiarane no er ute av fengsel. Men det er ingen grunn til å sjå dette som eit teikn på godvilje frå diktator Ortega. Dei to biskopane og dei 17 andre er blitt tvinga ut av sitt eige land utan sjanse til å venda heim. Årsaka er at kritikarane av Ortega får det dystre valet mellom å sitja i fengsel i årevis eller å bli utviste.

Vi må halda fram med å krevja at alle politiske fangar i Nicaragua blir sette fri utan vilkår. Biskop Alvaréz og alle andre som er fråtekne statsborgarskap og borgarrettar, må få desse tilbake.

 

NTB_9lMk7PLsiD8.jpg

UPOPULÆR: Ein demonstrant held eit skilt med påskrifta «Ortega diktator» under ei demonstrasjon i Managua i Nicaragua, 23. mars 2019. Foto: NTB/Reuters, Oswaldo Rivas

 

Den ein gong så sterkt hylla frigjeringshelten Daniel Ortega har etablert eit diktatur saman med kona, Rosario Murillo som er visepresident. At han møter vestleg kritikk og sanksjonar med tettare band til diktator Xi Jinping i Kina er ikkje overraskande. Det er all grunn til å tru at Ortega ser Xi Jinping ikkje berre som støttespelar, men også som læremeister.

Det internasjonale samfunnet, Norge inkludert, har kritisert menneskerettsbrota under Ortega. Det er viktig at Ortega vert halden ansvarleg for den systematiske kampanjen for å reinsa landet for alle kritiske stemmer.

 

Dette er en kommentar og gir uttrykk for skribentens meninger.

 

Les mer på katolsk.no