Kommentar: Påskefest i terrorfrykt

 

india-hinduflagg-kirke-ayodhya-januar23 (2).jpeg

INDIA: Et hindusitisk flagg blir reist på en av kirkene i landet. Foto: Johannes Morken

 

Kommentar: Eg utfordrar leiarar både i Den katolske kyrkja, andre frikyrkjer og Den norske kyrkja til å bry seg om kristne søsken i land som Nigeria og India. Kvar for oss kan vi bruka fastetida og påsketida til forbøn. Slik kan vi visa kristne trus-søsken at dei ikkje er gløymde.

 
Tekst: Johannes Morken
Redaktør i Stefanusalliansen

 

Kristne i land som India og Nigeria går gjennom fastetida i frykt for ny terror og vald. Dei seier at dei berre har Gud å stola på.

 
Angrepet under juleforberedelsen

Kristne i delstaten Plateau i Nigeria kjenner seg svikne av folk med makt:  Medan dei førebudde den store festen juledag i fjor, vart kring 200 drepne i blodig, samordna terrorangrep, og mange blei fordrivne.

– Folk som mista absolutt alt, medan dei gledde seg til jul, prøver framleis å koma til hektene igjen, seier radio- og TV-journalist Alfred Mangai Adams.

Han har slekt i to lokalsamfunn 7 – 8 mil sørvest for delstatshovudstaden Jos der han sjølv bur og arbeider: faren kjem frå Bokkos, mora frå Mangu. Landsbyar i begge desse områda blei natt til juledag ramma av terror.

 

Mista alt

Dette var dei siste av ei lang rad av angrep. Veltrena terroristar med grovkalibra våpen skaut og drap. Verjelause samfunn blei overmanna. Avlingar blei stolne eller øydelagde i Bokkos. Alt av verdiar, inkludert buskap, vart køyrt vekk på lastebilar før landsbyar blei sette i brann. Folk flykta for livet. Dette er bevisste og systematiske angrep for å stela jord som dei som bur der har hatt i generasjonar.

Dei som kom seg unna terroren har tak over hovudet i hjelpesenter som er oppretta i skular og kyrkjer. I Mangu prøvde ei lokal væpna gruppe frå den kristne sida å forsvara seg, men dei var elendig utstyrt, med dårleg trening. Der vart det ein religiøs konflikt der også hus som muslimar bur i, blei øydelagde. Kyrkjer blei brende. Ifølgje Raudekrossen blei også moskear skadde.

Bare Gud å stola på

Bak terrorangrepa stod ein veltrena milits. Svært mange av gjetarfolket «fulani» lever fredeleg saman med naboane sine. Men ein milits med moderne våpen og dødelege ambisjonar herjar. Den fordriv folk, øydelegg avlingar og sender kveget inn for å beita. Ei mengd lokalsamfunn er gjennom åra er blitt overtekne med vald og gitt nye namn.

Dei som overlevde terroren i jula, anar ikkje kvar og når neste angrep kjem.  Styresmaktene har svikta. Landsbyane er svært sårbare.

Fastetida er svært sentral, ikkje minst for katolikkane. I Mangu er mange kyrkjer brende. Katolikkar, som alltid startar fastetida i kyrkja, har ingen kyrkjer, for dei er brende. Journalisten Adams fortel om påskefeiringa:

– Dagane frå langfredag til påskedag er svært viktige. Folk går i kyrkjer. Dei kjem i finkleda, dei kjøper inn og lagar god mat. Påskedag er som ei ny julefeiring. Men i år har folk ingenting. Dei fordrivne lever frå hand til munn. Dei prøver å koma til hektene igjen i eit skulebygg eller ei kyrkje.

– Ser folk håp?

– Folk ønskjer å vera trygge på at dei kan leggja seg til å sova, stå opp neste dag og vera i live. No lever dei i frykt og opplever seg gløymde av dei som skulle verna dei. Dei har berre Gud til å stola på, dei ber om at han vil stilla til ansvar den som stod bak valden, svarer Adams.

Forfølgde i Nigeria, ein stat som er på kanten av kollaps, kjenner seg gøymde av alle andre enn Gud. Det same gjer mange kristne i India. Dei som vil angripa kristne, brukar ofte søndagar, jul, faste og påske. Så også i år.

 

cq5dam.thumbnail.cropped.750.422-8.jpeg

BØNN: Nigerianske biskoper samles i bønn for de forfulgte og de som er kidnappet. Foto: Vatican News/Sr. Titilayo Aduloju, SSMA

 

Trakkassering mot kristne i India

Landet som i fjor blei verdas mest folkerike, er lenge kalla «verdas største demokrati», med ei sekulær grunnlov som garanterer trusfridom. Men i dag er India eit demokrati berre i namnet. I praksis er landet blitt ein hindunasjon som fortrengjer muslimar og kristne.

På ti år er omfanget av trakassering og vald mot kristne i India meir enn firedobla. 2023 blei eit nytt rekordår, viser fersk rapport. Det har vore ein jamn og tragisk vekst sidan hindunasjonalisten Narendra Modi og partiet BJP kom til makta i 2014.

I 2023 blei det dokumentert 601 valdsangrep mot kristne, fortel årsrapporten til Kommisjonen for religionsfridom (RLP) under det Evangeliske kyrkjefellesskapet i India (EFI). RLP fekk inn godt over 700 rapportar, og klarte på sikkert vis å verifisera 601 av dei.

 

Angrep i fastetida

Veksten i angrep held fram inn i 2024, fortel generalsekretær Vijayesh Lal i EFI i eit intervju, like etter at fastetida starta 14. februar. Gjennom fastetida har indiske kristne, i nær sagt alle kyrkjesamfunn, lang tradisjon for å ha fastemøte. Folk møtest i heimar. Dei les Guds ord, har andakt og syng. Det er tid for fornying av trua og forholdet til Gud.

– Dei siste to-tre åra har vi hatt vekst i angrep på slike fastemøte, samlingar langfredag, prosesjonar palmesøndag og gudstenester påskedag. Når vi ser på tidslina for angrep dei siste to-tre åra og i tillegg veit at det i år er val i India, er eg redd for angrep mot kristne i ulike delar av landet, sier Lal.

Eit typisk angrep skjedde i landsbyen Gufanpal i delstaten Chhattisgarh 6. februar, melder trusfridomsorganisasjonen CSW. Ayatu Ram Podiyami (35) vart oppsøkt av ei gruppe på rundt 20 menn som bad han venda tilbake til hinduismen. Då han nekta, samla ein mobb på kring 250 seg rundt huset for å pressa han til å fornekta kristentrua. Han måtte flykta inn i jungelen to gonger. Familien hans blei banka opp. Politiet fabrikkerte rapporten og kalla det ei «familiefeide».

 

Falske skuldingar

11 av 28 delstatar har lover som kriminaliserer konvertering. Det er heilt straffefritt å gå til fysisk angrep på bønesamlingar og taua folk inn til politiet med falske påstandar om ulovlege konverteringar. Lovene har ført til sterk vekst både i falske skuldingar og angrep.

– Den største suksessen til politikarar på høgrefløyen, er at hatet er normalisert, seier Vijayesh Lal.

No trengst det ikkje ein mobb eller ei gruppe høgreorienterte hindunasjonalistar for angrep på kristne. Vanlege hinduar kan gjera slikt.

– Mange er blitt hjernevaska i synet på oss kristne. Det er berre éi linse mange ser oss gjennom: Vi blir sett på som framande som konverterer hinduar på vegne av vestlege kyrkjer,» legger til Vijayesh Lal.

Han avviser påstanden blankt – det skjer ingen konvertering med press eller tvang.

 

Tause kyrkjer i vest

– Sanninga er dessutan at vestlege kyrkjer er heilt tause om forfølgde kristne i India, sier Lal.

Generalsekretæren har gitt opp trua på vestlege politikarar. Dei prioriterer ønsket om handel og frykta for Kina.

– Det som smertar meg er at den verdsvide kyrkja, Kristi kropp, gløymer forfølgde kristne i India.

 

På denne bakgrunnen utfordrar eg leiarar både i Den katolske kyrkja, andre frikyrkjer og Den norske kyrkja til å bry seg om kristne søsken i land som Nigeria og India. Kvar for oss kan vi bruka fastetida og påsketida til forbøn. Slik kan vi visa kristne trus-søsken at dei ikkje er gløymde. 

 

Les mer: