Felles katolsk-muslimsk opprop mot aktiv dødshjelp

Katolikkar og muslimar i Belgia planlegg eit felles opprop mot aktiv dødshjelp. Ein vil også invitere jødiske religiøse leiarar til å skrive under på oppropet, rapporterte ulike aviser 27. mars. Primas for Den katolske kyrkja i Belgia, kardinal Godfried Danneels, la vekt på at ein i oppropet ville leggje spesiell vekt på å åtvare mot ei ytterlegare liberalisering av lovverket som omhandlar dødshjelp. Også representantar for Muslimsk Råd i Belgia stadfestar at dei for tida jobbar med teksten til dette oppropet.

Den nyvalde leiaren for "Foreininga av fritenkjarar" i Belgia, Pierre Galand, omtalar oppropet som "ei skandaløs religiøs innblanding i eit politisk spørsmål". Allereie ved juletider retta belgiske politikarar sterk kritikk mot kardinal Danneels, av di han hadde fordømt planane om ytterlegare liberalisering av lovverket som regulerer dødshjelp.

Reint konkret dreier det seg om å utvide dødshjelp til også å omfatte pasientar som lir av Alzheimer eller senilitet. Dagens lovverk heimlar ikkje bruk av aktiv dødshjelp ved desse to tilstandane.

KAP, 27. mars 2006 (3. april 2006)

av Webmaster publisert 03.04.2006, sist endret 03.04.2006 - 11:28