Politisk parti vil tillate aktiv dødshjelp på mindreårige
Det flamske sosialistpartiet, som er representert i den belgiske regjeringa, ynskjer å utvide lova om aktiv dødshjelp til også å omfatte mindreårige. Partiet si parlamentsgruppe har presentert eit framlegg til endring av lova, slik at det også skal verte tillete å gjennomføre aktiv dødshjelp på mindreårige.
Med verknad frå 2002 har belgisk lov tillete aktiv dødshjelp på visse vilkår, men berre på vaksne personar. I dagens lovverk ligg det inne som eit krav at aktiv dødshjelp berre kan gjennomførast på vaksne og fullt medvitne personar, som etter grundig vurdering fleire gonger har gjeve uttrykk for at dei ynskjer å døy. I tillegg må vedkomande lide av ein ulækjeleg sjukdom, som vil kunne resultere i fysiske eller psykiske påkjenningar for vedkomande.
Belgias primas, kardinal Godfried Danneels, har nettopp på ny gått ut med fordøming av lova som tillet aktiv dødshjelp. Den katolske kyrkja forsøkjer no, i samvirke med andre trussamfunn, å få forhindre ei ytterlegare liberalisering av lovverket.
Kathpress, 4. april 2006 (6. april 2006)