Pave Benedikt XVI uttalar seg om skapinga og om Guds kjærleik

"Verda og menneska er ikkje noko tilfeldig resultat av evolusjonen," uttalte paven i preika si under den store pavemessa på Islinger Feld i Regensburg på tysdag. Ordrett sa paven: "Me trur at det evige ordet og fornufta kom fyrst, og ikkje ufornufta". Totalt skal 260.000 menneske ha vore til stades under messefeiringa, som fann stad i strålande solskin.

"Mennesket si sak går ikkje føre seg utan Gud, og heller ikkje dei saker som vedrører verda går føre seg utan Gud" tilføydde Benedikt XVI i preika si. Paven sa også at ein ikkje kan førestille seg at det ufornuftige medfører eit matematisk ordna univers samt mennesket og den menneskelege fornuft.

Utan å nemne radikal islam ved namn, stadfesta paven den kristne tru på ein god og kjærleg Gud, som i Jesus Kristus har synt sitt kjærlege andlet. Som kristne skal ein med frimod vitne om si tru på ein slik god og kjærleg Gud: „I dag, der me er vitne til livsfarlege og sjuke trekk så vel i religionen som i fornufta, der gudsbildet vert øydelagt gjennom hat og fanatisme, er det viktig at ein seier klart frå om kva for ein Gud ein trur på og klart vedkjenner seg Guds menneskelege bilete," haldt paven fram.

I preika si synte paven på ny til sin encyklika 2Deus caritas est" (Gud er kjærleik"). Trua på den kjærlege Gud reddar oss også frå angsten for Gud, som skapte grobotn for den moderne ateisme. Trua på ein kjærleg Gud frigjer også frå verdsangst og frir oss frå frykta for at alt i det eigne livet skulle vere tomheit. Paven understreka også at trua på ein kjærleg Gud ikkje står i motsetning til den kristne tru på domedag. "Trua skal ikkje skapa angst hjå oss, men oppfordre oss til å syne ansvar".

Kathpress, 12. september 2006 (13. september 2006)