Første pontifikalmesse på nynorsk

Gudheim og Nilsen leser og resiterer smakebiterFredag 30. august fant det sted en aldri så liten liturgi- og språkhistorisk begivenhet i Akersveien i Oslo. Det nynorske "Missale Parvum" ble presentert og tatt i bruk for første gang.

Bruken skjedde i form av en pontifikalmesse på nynorsk, der biskop Bernt Eidsvig overrasket forsamlingen ved også å preke på denne målformen. En del av de vanlige messemelodiene hadde blitt foreløpig tilpasset den nye oversettelsen slik at det også var mulig å få et inntrykk av hvordan denne liturgien fungerer musikalsk. Etter undertegnedes mening viste nynorsk seg som et egnet språk for katolsk liturgi, ikke minst har oversettergruppen lyktes i å gjenskape mye av den korthugne og pregnante stilen i den latinske originalen.

Etter messen var det åpen mottagelse i Mariagården.

Før messen var det – også i Mariagården – en kort presentasjon av arbeidet med oversettelsen ved Ola Breivega (se full tekst under). Han har arbeidet med tekstene sammen med Helge Gudheim, Halldor Slettebø og pater Arnfinn Haram OP.

Forsamlingen fikk også smakebiter fra produktet i form av opplesning ved Helge Gudheim og liturgisk resitasjon ved p. Haavar Nilsen. Flere nevnte savnet av pater Haram, som døde i fjor, i en slik sammenheng, og i messen ble det bedt for ham.

Heidi H. Øyma


Ola I. Breivegas presentasjon

Missale parvum frå latin til nynorsk

Eg er viss på at ingen av oss som gjekk i gang med å omsetja Missale parvum til nynorsk, trudde at det skulle ta så lang tid å få arbeidet gjort.

Nynorskmissale Breivega orienterer om arbeidetMen den 30. mai i år var det faktisk gått seks år sidan fire nynorskingar: pater Arnfinn Haram (som dessverre døydde før vi var i mål), forfattaren og bladmannen Helge Gudheim, kirurgen Haldor Slettebø og eg, filologen, møttest i salongen til biskop Bernt, dit vi var innbedne for å drøfta prosjektet. Biskopen regalerte oss med god mat og drikke, ja, cognac og sigar dess meir. Som opphavsmann til prosjektet sparde han heller ikkje på oppmuntrande ord.  At vi skulle bryta målsnora nett i år, når vi feirar 200-årsminnet for Ivar Aasens fødsel, er kanskje eit teikn på at forsynet ville at arbeidet skulle ta så lang tid …

Kva er det så vi har omsett?

Missale parvum er eit lite missale, lat oss seia ei lita altarbok, til bruk for omreisande prestar som ikkje har teksten til messa for dagen på latin eller eit anna språk som det høver å feira messa på. Vi tenkjer oss vel òg at det nynorske missalet kan nyttast i kyrkjer med fast prest der det kan vera ynskjeleg å feira messa på nynorsk.

I fyrste omgang trudde vi at det kunne vera ein farande veg å ta utgangspunkt i messeomsetjinga til bokmål. Vi laga nokre prøveomsetjingar etter den metoden, men var ikkje nøgde med resultatet. Språkføringa på sidemålet – vårt sidemål, må vita – smitta over på nynorsken. Dessutan oppdaga vi, då vi samanlikna med dei latinske originaltekstane, at bokmålsomsetjinga somme stader er, om ikkje feil, så iallfall fri i ein grad som Roma nok ikkje ville ha godkjent i dag. Vi skar igjennom, rådde oss til å gå ad fontes og sette oss fire mål for omsetjingsarbeidet. Eg oppsummerer dei slik i ettertid, formelle vedtak gjorde vi ikkje:

  1. Missalet skal omsetjast beinveges frå latin til nynorsk.
  2. Omsetjinga skal vera så semantisk trufast mot originalen som vi er i stand til på norsk.
  3. Den pregnante stilen i den latinske originalen skal speglast i den norske omsetjinga så langt det er råd.
  4. Nynorsken skal vera korrekt, vyrdeleg og forståeleg for nynorskingar i dag.

Det var det siste punktet vi kom til å bala mest med før vi vart samde. Eg må vedgå at eg nok hadde eit stort ansvar for det. Mellom anna gjorde eg framlegg om at vi skulle skriva tilnærma høgnorsk, med fagre former som til dømes «soli» og «stjernor». Men då jamvel høgnorskmannen Haldor sette foten ned, skjøna eg at eg var på villan fot. Kompromisset vart at vi la 1978/1985-utgåva av Bibelen frå Det Norske Bibelselskap til grunn. Vi fylgjer den moderne, men samstundes tradisjonstrugne rettskrivinga i den omsetjinga med nokre ørsmå avvik, og frå den har vi òg henta bibellesnadene. Men sidan den nynorske 1985-omsetjinga ikkje har med dei deuterokanoniske («apokryfiske») skriftene i Det gamle testamentet, til dømes Visdomsboka, har vi omsett utdraga frå dei etter Vulgata, med same nynorsknorm som elles. Såleis står omsetjinga vår fram med eit fylgjestrengt språk frå a til å. Vi takkar Det Norske Bibelselskap for løyvet til å nytta omsetjinga deira. Om de lurer på kvifor vi ikkje vurderte å fylgja 2011-utgåva frå Bibelselskapet, er grunnen den at då ho kom, var vi komne så langt med arbeidet at vi ikkje såg oss syn med å gjera eit byte.

Omsetjinga som no ligg føre, er ei editio ad experimentum, ei studieutgåve som ikkje er formelt godkjend. Den nordiske katolske bispekonferansen har tilrådd å senda omsetjiinga til gransking og, vonar vi, godkjenning i Den heilage kongregasjonen for gudstenestene i Vatikanet. Der ligg ho no. Det er ikkje visst at det blir berre éin runde før omsetjinga er godkjend. Stockholm katolske bispedøme måtte gjera tre freistnader før kongregasjonen var nøgd med messetekstane på svensk.

Så kan ein sjølvsagt spørja seg kva kompetanse kongregasjonen mun ha i la lingua neonorvegese. Men med sitt vidgreinte nettverk finn dei nok ein kapabel person til å gje dei råd. Eitt er visst: Vi ventar i spenning.