Hopp til hovedinnhold
Publisert 21. april 2006 | Oppdatert 21. april 2006

Med henblikk på den planlagde Tyrkia-reisa til paven i november, har kardinal Walter Kasper, president for det "Pavelige rådet for kristen enhet", oppmoda regjeringa i Ankara om å gje dei kristne kyrkjene i landet større fridom. "Kyrkjene i Tyrkia har ikkje ein gong rett til å stå som eigar av eigedom", påpeikte Kasper i ARD-programmet "Beckmann" på 2. påskedags kveld.

Kardinalen la vekt på at Tyrkia hadde ein lang veg å gå før ein kunne tale om religionsfridom i landet. Han peikte mellom anna på at det økumeniske patriarkatet av Konstantinopel dei siste tiåra ikkje har hatt rett til å utdanne eigne prestar. Dette trass i at nettopp dette patriarkatet gjennom presteseminaret på øya Chalki gjennom århundrar har hatt ansvaret for ein av dei viktegaste utdanningsinsitusjonane for prestar i heile den ortodokse kyrkja. "Religionsfridom er ikkje berre ei privat rettigheit for den einskilde, men omfattar også retten til religiøs organisering," vektla kardinal Kasper.

Kardinalen omtalte pavens snarlege reise til Istanbul som "høgst delikat". Pave Benedikt XVi skal i perioden 28. november - 1. desember opphalde seg i Istanbul i samband med festen for den heilage Andreas. Den heilage Andreas er skytshelgen for kyrkja i Konstantinopel. Når Tyrkia ynskjer seg medlemsskap i EU må landet også innføre religionsfridom, sa Kasper, og uttrykte von om at pavens Tyrkia-reise skulle kunne bidra til dette.

Kathpress 18. april 2006 (21. april 2006)

Mer om: