Se også: |
---|
Den italienske katolske dagsavisa "Avvenire" oppmodar til boikott av kinofilmen som baserer seg på Dan Brown si bok "Da Vinci-koden". I ein artikkel i avisa vert det lagt vekt på at det her dreier seg om ein "gigantisk svindel", og at filmen representerer kynisk spekulasjon rundt den kristne trua.
I artikkelen vert det sagt at den einaste grunnen til at filmen har oppnådd så stor omtale er at filmen baserer seg på ei forvrenging av religiøse tradisjonar. I mange land er innhaldet i evangelia og i katekismen så vel som namnet på ulike kyrkjelege institusjonar ein integrert del av folks ålmennkunnskap. "Hadde ikkje Brown basert boka si på forvrengning av denne religiøse ABC som er kjent for folk flest, så hadde han vorte vurdert som ein middelmådig forfattar," vert det hevda i artikkelen.
Kathpress 4. mai 2006 (8. mai 2006)