Hopp til hovedinnhold
Publisert 28. november 2006 | Oppdatert 28. november 2006

Pave Benedikt XVI vart ved oppstarten av si reise til Tyrkia helsa velkomen av Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan. Pavens fly landa tysdag litt før klokka 12 middagstid på den internasjonale flyplassen Ankara-Esenboga. I utgangspunktet var det ikkje planlagt at paven skulle treffe Erdogan, men programmet vart endra i siste liten. Etter at Erdogan hadde ynskja pave Benedikt XVI velkomen på flyplassen, reiste den tyrkiske statsministeren umiddelbart til NATO-toppmøtet i Riga.

Møtet mellom pave Benedikt og Erdogan fann stad i VIP-senteret ved flyplassen, og varte i 15 minuttar. Så vel paven som Erdogan sitt fylgje tok plass under eit monumentalt portrett av Kemal Atatürk, som var grunnleggjaren av den moderne tyrkiske stat. Erdogan prata på tyrkisk, men det han sa vart omsatt til italiensk. Den tyrkiske statsministeren opna si velkomsthelsing med å seie seg lei for kollisjonen mellom paven si vitjing til Tyrkia og NATO-toppmøtet i Riga.

Framføre flyterminalen vaia Vatikanet sitt flagg så vel som Tyrkia sitt flagg. På taket av flyplassbygningen hadde skarpskyttarar vorte utplasserte.

Paven har inkludert ikkje mindre enn fem kuriekardinalar i reisefylgjet sitt. Desse fem er Vatikanets statssekretær, kardinal Tarcisio Bertone, prefekten for "Kongregasjonen for de orientalske kirker", kardinal Ignace Moussa Daoud, presidenten i "Det pavelige rådet for kristen enhet", kardinal Walter Kasper, presidenten i "Det pavelige rådet for interreligiøs dialog", kardinal Paul Poupard, samt den tidlegare presidenten for "Det pavelige rådet for rettferdighet og fred", kardinal Roger Etchegaray. Også islam-eksperten erkebiskop Michael Fitzgerald, som inntil nyleg var president i "Det pavelige rådet for interreligiøs dialog" er med i reisefylgjet til paven.

Høgdepunktet under den femte utanlandsreisa til pave Benedikt vert møtet med den høgast rangerte av dei ortodokse patriarkane, den økumeniske patriarken av Konstantinopel, Bartholomeus I. Møtet med patriarken skal finne stad i patriarkens residensby Istanbul på onsdag og torsdag.

Den tyrkiske statsministeren hadde i siste augeblikk bestemt seg for å treffe pave Benedikt, for å imøtegå påstandar om at han hadde freista unngå å treffe paven. På tysdag oppfordra Erdogan sine landsmenn til å syne paven tradisjonell tyrkisk gjestfridom. I ei tale til det tyrkiske parlamentet uttrykte statsminister Erdogan von om at paven si reise til Tyrkia skulle kunne medverke til fred i verda.

Kathpress (28. november 2006)