Hopp til hovedinnhold
Publisert 29. november 2006 | Oppdatert 29. november 2006

Pavens apostoliske reise til Tyrkia:

"Pave Benedikt XVI har æra for at verdsopinionen på ny har fatta interesse for dei vanskelege vilkåra som den kristne minoriteten i Tyrkia lever under. Den ortodokse kyrkja er difor særs takksame overfor pave Benedikt XVI", uttalte den ortodokse metropolitten av Wien, Michael Staikos, under ei pressekonferanse på måndag. Samstundes nytta metropolitten høvet til å kritisere verdsopinionen for lenge å ha ignorert utfordringar knytte opp mot tyrkiske styresmakter si handsaming av dei greske og armenske kristne minoritetane i landet.

I fylgje metropolitten har pavens reise til Tyrkia ein tredelt dimensjon. For det fyrste skal paven vitje den økumeniske patriarken av Konstantinopel, Bartholomeus I, for det andre gjev reisa paven høve til å gå i direkte dialog med den islamske verda, og for det tredje representerer reisa ei oppmuntring for Tyrkia sine kristne minoritetar.

Metroplitt Staikos la vekt på å understreke at det viktigaste poenget med paven si reise er møtet mellom paven og patriarken av Konstantinopel. Metropolitt Staikos omtalte møtet mellom paven og patriarken som "ein særs sterk økumenisk gest".

Kathpress (29. november 2006)