Hopp til hovedinnhold
Publisert 1. desember 2006 | Oppdatert 1. desember 2006

Pave Benedikt XVIs apostoliske reise til Tyrkia:

Tyrkiske aviser omtalar pave Benedikt sitt opphald i Tyrkia som "overraskande vellukka". "Ein god oppstart", var tittelen på fyrstesida av Tyrkias største avis "Hürriyet". Ei anna tyrkisk avis, "Milliyet", nytta fylgjande overskrift på fyrste side: "Dei bange aningane synte seg som grunnlause, besøket gjekk bra". Avisa "Yeni Safak", som vert rekna som "moderat islamittisk", og som står regjeringa nær, kommenterte besøket i leiarartikkelen på dette viset: "Den fyrste dagen gjekk bra, resten vil verta lett". I leiarartikkelen i "Milliyet" uttrykte redaktøren von om at "paven sitt besøk må enda like bra som det har starta opp".

I overskriftar og i pressekommentarar vert også paven rost for utsegner som av statsminister Recep Tayyip Erdogan og av president Ahmet Necdet Sezer har vorte tolka som ei form for paveleg støtte til tanken om tyrkisk EU-medlemsskap. Fleire tyrkiske aviser har vidareformidla Erdogan sine påstandar om at paven skal ha uttalt seg positivt om tyrkisk EU-medlemsskap. Soleis gjorde den uavhengige avisa "Vatan" bruk av fylgjande overskrift: "Overraskande støtte til EU-medlemsskap". Den liberale avisa "Radikal" hadde ei overskrift med bodskapen "Geistleg støtte til EU-medlemsskap".

Tyrkisk presse gledde seg over at pave Benedikt, under sin framkomst til flyplassen i Ankara, hadde krossen gøymd under frakken sin. "Reise utan kross" stod som stor overskrift i bulevardavisa "Sabah", som tolka dette som ei "forsonleg gest" overfor islam. Også andre aviser var opptekne av dette poenget, og demonstrerte ved hjelp av fotografi korleis paven hadde halde krossen under frakken i samtalen med Erdogan. Avisene stilte seg også positive til at paven hadde gjort bruk av eit sitat av Atatürk då han skreiv inn ein helsing i besøksprotokollen ved Atatürk-mausoleet.

Den islamske avisa "Vakit" stilte seg imidlertid negativ til at pave Benedikt XVI hadde vorte teken i mot av presidenten, sjølv om paven hadde møtt opp i fullt ornat. Avisa synte til at presidenten si eiga frue ikkje ville ha vorten teken i mot i presidentpalasset avdi ho gjer bruk av slør, og meinte dette var eit teikn på at ein gjorde skilnad på folk.

"Som ei orsaking" tolka dei borgarlege avisene, deriblant "Hürriyet" og "Vatan", pave Benedikt XVI sine utsegner om islam. Avisene oppfattar paven sine utsegner slik at påstanden om at han skulle sjå på islam som ein valdsreligion no har vorte synte attende. Derimot vart Tyrkias høgaste religiøse statsembetsmann, Ali Bardakoglu, kritisert av pressa for at han nok ein gong hadde gått ut med kritikk av paven si tale i Regensburg. Ei avis omtalte tonen i Bardakoglu sin tale som "skulemeisteraktig".

Kathpress, 29. november 2006 (1. desember 2006)