Hopp til hovedinnhold
Bilde
Publisert 21. januar 2022 | Oppdatert 17. februar 2022

Ønsker velkommen til ny-oppusset bokhandel i februar

Bilde

TROR PÅ BOKEN: – Me har faktisk ikkje funne opp noko som kan erstatte boka, og det ho formidlar. Til og med e-bøker vert ikkje det same; kor mange ser du faktisk sitte med ein Kindle på T-banen eller rundt i byen, spør St. Olav bokhandels nye bokhandler Joachim Teigen. Han står i St. Olav bokhandels lokaler, som er under full renovering.  «Nybutikken»  åpner i februar. Foto: Petter T. Stocke-Nicolaisen

 

I november ble Joachim Teigen ansatt som ny bokhandler i St. Olav bokhandel. Nå blir også butikken ny.  

 

Tekst og foto: Petter T. Stocke-Nicolaisen

 

Både Kirkens norske forlag og bokhandel har lang historie å vise til: Butikken ble grunnlagt i 1961, mens forlaget ble etablert av biskop Johannes Olav Fallize allerede i 1889. Nå er de to tradisjonsrike bedriftene blitt ett selskap, og Joachim Teigen er ansatt som ny bokhandler etter Marianne Fjordholm. I tillegg blir bokhandelen ny:

– Du har knapt blitt husvarm, så setter du igang en storstilt oppussing. Hva er tanken bak?

– Me byrja arbeidet med ny butikk no, fordi me både har hatt vareoppteljing, jolefri og tilsett ny bokhandlar, altså meg. No har vi hatt eit behov for å pusse opp lenge, så Marianne Fjordholm, den førre bokhandlaren, er nok også glad for at det endeleg skjer, fortel bokhandlar Joachim Teigen.

Han lover at kundene skal merke forskjell: Å tråkke over St. Olav bokhandels dørstokk skal ikke være det samme som å gå inn i fortiden – lokalene skal bli moderne anno 2022, men den ferske bokhandleren legger til:

– Samstundes skal kundane kjenne seg att. Skulpturen av Heilag Olav står framleis her, og den koselege stemninga blir verande. St. Olav bokhandel skal vera ein varm plass å koma til.

– Når åpner ny-butikken – og byr dere kundene på noe ekstra utover lekrere lokaler?

– I byrjinga av februar verkar sannsynleg. No koplar me opp det elektriske anlegget, så skal me byggje hyller, pakke opp varene og plassere dei i butikken, seier Teigen.

Han leder et ungt og ganske nytt St. Olav bokhandel-lag med et aldersspenn fra 28 til noen-og-tredve. De gleder seg til å skape den nye butikken, for da blir de også kjent med hvor alle varene er å finne.

– Eg vil oppmoda kundane våre om å fylgje med på St. Olav bokhandels Facebook-side for å finna åpningsdatoen for «nybutikken», seier Teigen.

Da vil biskop Bernt I. Eidsvig velsigne de nye lokalene, og butikken kommer ikke bare til å fremstå i ny og moderne drakt: Det blir åpningstilbud og ferske varer i hyllene, slik som biskop Erik Vardens siste bok «Entering the Twofold Mystery».

 

Bilde

FORANDRING OG TRADISJON: I høst ble Kristine Dingstad (midten) ansatt som eneleder for St. Olav forlag og St. Olav bokhandel.  Joachim Teigen ble rekruttert til stillingen som bokhandler etter Marianne Fjordholm, som i januar 2022 trådte over i pensjonistenes rekker. Her står forlag og bokhandels nye lederduo sammen med byggeleder Thormodur Pálsson i OKBs eiendomsavdeling. 

 

Må være «katolsk»

Teigen ble ansatt som ny daglig leder av St. Olav bokhandel i november.

– Hvorfor søkte du?

– Eg vart tipsa om annonsa, og må innrømme at eg tenkte det var noko «gudfeldig». Med studier i filosofi og teologi er det ikkje alle slags jobbar ein kan søkje på, men kombinera med jobberfaringa mi innanfor servicebransjen innsåg eg at denne jobben kunne eg faktisk ikkje la vere å søkje på; dette var ein sjanse til å bruke det eg har gjort så langt til å tene Kyrkja på ein konkret måte. Og så har eg jo sjølv vore kunde i bokhandelen, så det er jo ein butikk eg hadde eit forhold til allereie. Utifrå det tenkte eg at eg faktisk har noko å bidra med for å gjere bokhandelen endå betre, og samstundes trur eg at eg vil få mykje ut av det. Eg storkosar meg så langt!

– Hva tenker du at en katolsk bokhandel må være for å overleve i konkurransen med nettbokhandlere og alt annet som tar folks tid og penger nå til dags?

– Eg trur den må vere nettopp det, ein «katolsk bokhandel». Om me prøvar å bli ein generisk bokhandel så er konkurransen med dei store kjedane for stor. Me må vere ein truverdig selgar innanfor den nisja me befinn oss i, og ein plass der folk veit at det ein kjøper er av god kvalitet; det vere seg innhaldsmessing eller reint materielt. Og så må me tilby ei oppleving, og det trur eg bokhandelen gjer allereie. Folk kjem til St. Olav bokhandel ikkje berre for å finne varen dei leitar etter, men også fordi butikken gjev dei noko som andre butikkar ikkje gjer.

 – Hva leser du helst selv?

– Eg les nok litt meir spesialisera litteratur innanfor det segmentet me jobbar med. Eg likar godt å lese ting som har med kyrkjehistorie, patristikk og idéhistorie å gjere, og liturgi er eg veldig interessert i. Og så likar eg også meir andeleg litteratur, der det ikkje vert så mykje fagstoff.

 

Leser gjerne Ratzinger

– Kinoens død ble spådd da hjemmevideoen kom. Det har ikke slått til ennå. Hva tror du om bok vs. TV, dataspill og allehånde digitale underholdningsmedier – vil den overleve?

– Ja, det trur eg absolutt. Det er nok riktig at folk på min alder og yngre les mykje mindre enn før, eller i alle fall føretrekk korte snuttar av tekst, eller ting ein vert underhaldt av. Men me har faktisk ikkje funne opp noko som kan erstatte boka, og det ho formidlar. Til og med e-bøker vert ikkje det same; kor mange ser du faktisk sitte med ein Kindle på T-banen eller rundt i byen? Nesten ingen! Det trur eg er fordi ei fysisk bok gjev ei oppleving som eit lesebrett ikkje kan erstatte. Du får eit forhold til boka på ein annan måte, du får ei kjensle av kor i boka ein kan finne det og det, og du eig ho! Det same kan ikkje seiast om e-bøker, som er bundne til ei plattform eller ein spesifikk type teknologi.

– Hvilken bok – bortsett fra Bibelen! – har betydd mest for deg? Hvorfor?

– Ratzingers (pave emeritus Benedikt XVI) «Innføring til kristendommen» er ei bok som har betydd mykje for meg, og som eg vender attende til gong på gong. Ho opnar horisonten for kven Gud er og kva kristentrua er. Og så likar eg å lese Ratzinger. Ein høyrer liksom gjenklang av kyrkjefedrene hjå honom, og samstundes går han i dialog med samtidas straumningar på ein førebileteleg konstruktiv måte.

– Du har mange års teologistudier bak deg, så katolsk tro og lære kjenner du godt, men bokhandelen er jo mer: lys, julekrybber, såper fra Tautra ... Hva kan du om det mer nipsete aspektet ved å være bokkremmer?

– Der blir det nok ein del «learning by doing». Men av dei andre tinga bokhandelen har, er det også ting eg sjølv nyttar, så eg kan førestille meg kva ein kunde er ute etter. Den overordna filsofofien der må vere at dei produkta me sel, skal vere produkt ein sjølv har lyst på og kan vere stolt av å eige.

 

«Eg skal ikkje ljuge, det er store sko å fylle! Marianne kjenner butikken inn og ut, og ho er på mange måtar St. Olav bokhandel.»

 

Store sko å fylle

– Hva gleder du deg mest til som nyansatt bokhandler?

– Eg gler meg til å sette mitt preg på bokhandelen, i samarbeid med kollegaene mine, og i tråd med det gode arbeidet som har vorte gjort i St. Olav bokhandel i så mange år. Og så gler eg meg til å møte alle kundane, og til å nå ut til nye kundegrupper. Då tenkjer eg spesielt på dei litt yngre, og her ser eg verkeleg fram til å kunne sjå på kva bokhandelen kan gjere for å tiltrekke seg også dei.

– Hva gruer du deg til?

– Det er klart at det ligg eit stort ansvar i det å drive butikk, og spesielt ei så lita verksemd der ein ikkje har dei sama økonomiske marginane som større kjeder. Men så er eg veldig glad for at bokhandelen nå er slått saman med St. Olav forlag, og at me kan dele båe kompetanse og utfordringar med kvarandre. Det trur eg båe forlaget og bokhandelen blir sterkare av!

– Du tar over etter Marianne Fjordholm, som er en slags institusjon i institusjonen, hvordan føles det?

– Eg skal ikkje ljuge, det er store sko å fylle! Marianne kjenner butikken inn og ut, og ho er på mange måtar St. Olav bokhandel. Eg veit at båe kundar og kollegaer kjem til å sakne ho enormt. Men eg er så heldig at eg har eit par månadar overlapping med ho, slik at eg kan ause av kjelda med kunnskap som ho sit på. Og når dagen kjem og eg formelt tek over, så blir nok vegen litt til medan me går. Men då har eg eit godt fundament å lene meg på i det arbeidet Marianne har gjort, og alt det eg lærer av ho nå.

  

Joachim Teigen

  • Født: juli 1993
  • Bor: Oslo
  • Familie: foreldre og to yngre systre
  • Utdannelse: filosofi og teologi
  • Stilling: butikksjef i St. Olav bokhandel

 

 

St. Olav forlag og bokhandel 
Bilde

  • Bokhandelen ble grunnlagt i 1961, forlaget i 1889 av biskop Fallize
  • Holder til i Akersveien 14, sentralt i Oslo
  • Forlaget utgir katolske bøker om tro, spiritualitet, teologi og liturgi, og er medlem av Den norske Forleggerforening og Norsk Forleggersamband.
  • Bokhandelen selger bøker, kunst, lys, jukekrybber og klosterprodukter.
  • Bokhandel på nett: stolavbok.no
  • Forlag på nett: stolavforlag.no
  • Ny leder: Kristine Dingstad

 

 

 

 

Les mer