Hopp til hovedinnhold
Publisert 21. mai 2013 | Oppdatert 22. mai 2013

Etter mange års arbeid ligg no ei omsetjing av Missale parvum føre som studieutgåve på nynorsk.

Boka er på 168 sider i tilnærma A4-format, altså ikkje så lita som namnet skulle tyda på.  Som den latinske originalen er den nynorske omsetjinga tenkt brukt av omreisande prestar eller, så langt teksten rekk, av prestar som verkar fast i nynorskområde.

Omsetjingsarbeidet er utført av journalist Helge Gudheim, pater Arnfinn Haram (som dessverre døydde før me var komne i mål), overlækjar Haldor Slettebø og underskrivne, under leiing av biskop Bernt Eidsvig. Han var det òg som tok initiativ til prosjektet – og heldt motet oppe i oss under den lange marsjen.

Målforma i det nynorske missalet ligg tett inntil norma i 1985-omsetjinga frå Det Norske Bibelselskap, som òg storparten av skriftsitata er henta frå.

Omsetjinga var oppe til drøfting på siste møtet i Den nordiske katolske bispekonferansen. Etter tilråding frå biskop Bernt vedtok konferansen at omsetjinga skulle leggjast fram for liturgikongregasjonen i Vatikanet til saumfaring og – vonleg – godkjenning.  Til så lenge er omsetjinga å rekna som ei utgåve ad experimentum.

Etter planen skal nynorskmissalet lanserast offisielt i august. Det blir då messe på nynorsk i St. Olav domkyrkje og seminar/pressekonferanse i Mariagården. Meir informasjon kjem etter kvart.

Ola Ireneus Breivega

Mer om: