Hopp til hovedinnhold
Bilde
Publisert 24. juli 2023 | Oppdatert 17. oktober 2023

Foredrag i Menighetssalen, Akersveien 5, 29. juli (etter olsokmessen)

Bilde

FAKTA OG FIKSJON: – Den største skilnaden er sjølvsagt at medan Olav Haraldsson har levd som historisk person så er Sunniva ein idé, ein konstruksjon. Men det betyr ikkje at Sunniva er ei medvita «forfalsking», sier historiker Alf Tore Hommedal. 

 

I middelaldren utfylte Hellig Olav og Den hellige Sunniva hverandre som symboler på det kristne kongeriket Norge, mener katolikk og historiker Alf Tore Hommedal.  

 

Tekst: Petter T. Stocke-Nicolaisen

 

Under olsokfeiringen i Oslo 29. juli vil middelalder-eksperten foredra om våre to nasjonale skytshelgener av kongelig byrd.

– Hva er det ved St. Sunniva og St. Olav som har fanget din interesse?

– Som mellomalderarkeolog har eg fått arbeide med ruinane av kloster- og helgenanlegget på øya Selja i Nordfjord, opphavsstaden for Sunniva-kulten. I forskingsarbeidet mitt er det naturleg at Sunniva-kulten har stått i fokus, men også at Olav-kulten har vore trekt inn, sier Alf Tore Hommedal, som er førsteamanuensis ved Universitetsmuseet i Bergens avdeling for kulturhistorie.

På olsokdagen holder han Olav-foredraget «St. Olav og St. Sunniva. Ein helgenkonge og ei helgendronning» kl. 17.00 i Menighetssalen i Akersveien 5, Oslo.

– Interessa mi har to ulike innfallsvinklar, den eine som katolsk kristen, den andre som mellomalderforskar. Som katolikk er eg oppteken av det førebiletet desse to norske helgenane er: Olav med si omvending – sitt metanoia. Eg har aldri heilt forstått påstanden om at Olav ikkje er verd å æra av di han skal ha vore ein «råtass». Slik eg ser det gløymer ein då det heilt sentrale ved Olavs helgensoge – omvendinga – i kyrkjekunsten gjerne framstilt ved at Olav trakkar på ein drake med Olavs eigne andletstrekk, sier Hommedal.

Et eksempel på drage-motivet i Olav-ikonografien kan ses på altertavlen i Olavskapellet i San Carlo al Corso-kirken, Roma. Hellig Olav ble malt av kunstneren Pius Welonski, og kapellet ble innviet 9. april 1893, på dagen 50 år etter den første katolske messe i Norge etter reformasjonen (1537).

– Sunniva og fylgjet hennar av kvinner, menn og born (Seljumennene), dei representerer meir det vedvarande trufaste og standhaftige. Det å halde ut og syne tillit, forklarer Hommedal. Som middelalderforsker er han mer opptatt av grunnlaget for og det identitetsskapende ved de to helgenene: Målsetningene for de to fortellingene.   

– Vi må hugse på at ei legendeforteljing aldri er historisk sann i alle detaljar. Det gjeld Olavslegenda og i høgste grad også Legenda om Dei heilage frå Selja. Mellom forskarane er det stor semje om at Sunniva neppe har levt som historisk person. Denne kvinnelege, norske helgenen har over tid vakse fram som ein konstruksjon frå dei meir anonyme Seljumennene. Dei igjen byggjer på tankar og tradisjonar forma med utgangspunkt i funn og tolkingar ved det som vart den heilage hola og helleren på Selja, sier Hommedal.  

Slik han ser det, forringer ikke dette det identitetsskapende og forkynnende i legendefortellingen fra Den hellige øya Selja, hverken for menneskene i middelalderen eller idag.

– Kunsthistorikaren Einar Lexow uttrykte det i 1922, altså for hundre år sidan, slik: ‘Man skal ikke uten videre avvise alle tradisjoner av denne art, fordi om man ikke længer eier middelalderens naive tro paa underet.’ Eg er samd med Lexow, bortsett frå at eg ikkje tolkar mellomalderens tru på under som naiv. Tvert om står underet og mysteriet heilt sentralt i all kristen forståing, påpeker Hommedal.  

 

 

Bilde

OLAVS DRAGE: Hellig Olavs kapell i Roma ble i 1893 lagt til én av Den evige stads mest fornemme kirker, San Carlo al Corso. Her tramper Rex Perpetuus Norvegiae, Norges evige konge, på en drage, som symboliserer hans seier over det onde i seg selv, hans omvendelse. Foto: Petter T. Stocke-Nicolaisen

 

To nasjonalsymboler

Hellig Olavs liv er godt dokumentert: Han levde fra 995 til 1030. Ble født på Ringeriket,  moren het Åsta, faren var Harald Grenske. Han overvintrer som gjest hos hertug Richard II av Normandie i 1013 – 14. Her omvendes og døpes han i katedralen i Rouen. P. Olav Müller skriver i sin Olav-biografi: «Han [Olav] seilte til havs og nordover om høsten 1015. Han nådde land ved øya Selja utenfor Stad. Det var her den hellige Sunniva ifølge legenden hadde gått i land noen årtier tidligere. Kan det ligge en guddommelig plan i dette?» Om Sunniva vet vi langt mindre. I Acta Sanctorum in Selio («De hellige på Seljas gjerninger») heter det: «På den mektige keiser Otto I den stores tid (936-73; keiser fra 962) levde den gudfryktige Sunniva i Irland. Hun var av kongsætt og hadde arvet kongemakten etter sin far, som hadde sørget for at hun ble oppdradd i den kristne tro.»

– I foredraget setter du de to helgenene opp som en kongelig par (ikke ektepar) – hva er bakgrunnen for det? 

– Eg veit ikkje heilt om eg ville kalle dei eit kongeleg par. Kanskje heller to samstilte, kongelege representantar – ein kvinneleg og ein mannleg, som i mellomalderen utfylte einannan som symbol på det kristne kongeriket Noreg. Tanken summerer eigentleg opp forskingsresultata framkomne i den tospråklege artikkelsamlinga St. Sunniva. Irsk dronning, norsk vernehelgen /Irish Queen, Norwegian Patron Saint som vart publisert i 2021 og der eg var medredaktør og artikkelforfattar. Boka kom i etterkant av 750-årsjubileet for Sunniva-relikvianes overføring frå Selja til Bergen i 1170. Eit av dei viktige poenga i boka var å gjeva Sunniva attende den statusen ho hadde i mellomalderen som helgendronning. I nyare tid har det vore vanleg å omtale Sunniva som ei prinsesse. I mellomalderen vart ho derimot ikkje berre framstilt som ei dronning, ho fekk også den då radikale og kontroversielle rolla som ei regjerande dronning. Dette gjev helgenkongen og helgendronninga ein likeverdig status som vi i vår tid ikkje har fått med oss, t.d. i dei ikonografiske framstillingane der Sunniva og Olav står saman.  

St. Sunniva og St. Olav var begge kongelige og ble helgener, men der stopper vel også likheten? 

– Den største skilnaden er sjølvsagt at medan Olav Haraldsson har levd som historisk person så er Sunniva ein idé, ein konstruksjon. Men det betyr ikkje at Sunniva er ei medvita «forfalsking». Vi må hugse på at det her er snakk om lange tidsspenn der det har vore trong for tolkingar og forklaringar, og der konklusjonane på tankane vart at «slik må det også ha vore på Selja». Det er altså meir at ein over tid har lagt saman to og to og fått fem, for så å leggje saman fem og fem og få elleve, osb, sier Hommedal.  

Han mener at dersom vi ser på helgenkongen Olav og helgendronningen Sunniva slik de fremsto i middelalderen, da er det utvilomt at Olav og Trondheim fikk en mye større rolle og betydning enn det Sunniva og Bergen noen gang fikk.

– Men kulten på Selja er nok, slik legenda også fortel, eldre enn Olav-kulten og går tilbake til slutten på 900-talet/byrjinga på 1000-talet. Og som eg skal kome tilbake til i foredraget, så ha nok Bergen hatt ei større rolle i formidlinga av Olav-kulten enn det vi til vanleg tenkjer oss, i alle fall i seinmellomalderen.  

 

Bilde

PÅ SLAGSTEDET: Under olsokfeiringen i Trondheim bæres en olavsrelikvie opp til Det katolske kapellet på Stiklestad, stedet for Hellig Olavs martyrium. Foto: Petter T. Stocke-Nicolaisen  

 

Feiret av hele Norge

Seljumannamesse for St. Sunniva feires 8. juli. St. Olav feires med olsok 29. juli.

– Har de to festdagene forskjellige åndelige kvaliteter?

– Igjen ligg skilnaden ikkje berre i form, men også i namn, slik du påpeikar det. Medan festdagen 29. juli ber namn etter Olav, ber festdagen 8. juli vanlegvis ikkje namn etter Sunniva, men etter fylgjet hennar, Seljumennene. Begge festdagane vart i mellomalderen feira i heile den norske kyrkjeprovonsen, medan olsok i dag er mykje meir kjent og markert enn Seljumannamess er det. Medan begge festdagane for oss markerer historiske røter og offervilje, er omvending og tru dei naturlege hovudpunkt for Olavsmarkeringa medan tillit og tru er dei tilsvarande punkta for markeringa av Sunniva og Seljumennene, sier Hommedal.

Under årets seljumannamesse på Selja deltok cirka 150 pilegrimer i messen i de gamle klosterruinene etter benediktinerklosteret. Interessen og engasjementet har vært merkbart økende de senere år, ifølge Ragnhild Aadland Høen. Hun eier Klostergården på Selja, og arbeider for Selja som pilegrimsmål og etablering av nytt kloster på øya.   

– Hva gjør de to helgenkongelige aktuelle i dag, mener du?

– For mange – både truande og tvilande – går det venteleg på at både Olav og Sunniva er rotfesta i norsk soge og slik skaper kulturhistorisk identitet. Banda blir botne mellom mellomaldermenneska og oss i dag. Dessutan: Er det ei helgenlegende som er høgst aktuell også no så er det den om St. Sunniva og Seljumennene. For om båtflyktningane ikkje lenger kjem frå Irland over Norskehavet så kjem dei framleis frå sør over Middelhavet, og faren for tvangsgifte er like aktuelt for mange kvinner i dag som han er framstilt i legenda om Sunniva. St. Sunniva har i vår eiga samtid dessutan igjen fått ein aktualitet som «dynastisk helgen», slik både ho og Olav også hadde det i mellomalderen. For: Om nokre tiår får Noreg ein dag ei regjerande dronning Ingrid, som kan rekne ideologiske, norske røter tilbake til den regjerande dronninga Sunniva, i mellomaldertekstar også omtala som «Noreg verje».

 

Du kan følge foredraget live her: 

 

Les mer om olsok 2023

 

Les mer om olsok og Hellig Olav