Landslova av 1274: Som eit kall frå Gud

 02_-lagabøte_202001220009-Gorm-Lagabøte-scaled.jpg

JUBILEUM: Landslova var ei lov for heile landet og vart innført i 1274 av Magnus Lagabøter. I 2024 markerast 750-årsjubileet til Landslova som eit nasjonalt jubileum. Codex Hardenbergianus omtalast ofte som den finaste utgåven av landslova og kan sjåast på Nasjonalbiblioteket. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

 

JUBILEUMSÅR: I år, i 2024, markerer vi at det er 750 år sidan den «fransiskanske» kongen Magnus Lagabøter innførte vår første nasjonale lovgjeving, Landslova. Den la grunnen for eit nytt og meir humant menneskesyn i Norge.

 

TEKST: JØRN ØYREHAGEN SUNDE, professor ved Institutt for offentleg rett, Universitetet i Oslo

 

Ti år gamal oppheld den framtidige kong Magnus Lagabøter seg i eit hus i Bergen, to veker før Jonsok i 1248. Området rundt Mariakyrkja i byen hadde brunne ned bare eit par dagar tidelgare, men brannen vart sløkt før den spreidde seg til heile byen. Men no skjedde det igjen. Lynet slo ned i taket på huset der Magnus oppheld seg. Som ved eit Guds under, heiter det i Håkon Håkonssons saga, slo ikkje lynet inn i huset, men gjekk i staden ut på Vågen. Men gneistane frå lynet gjorde at byen brann på nytt. Denne gongen brann heile byen ned. Men Magnus berga likevel livet.

 

Holder foredrag under Olavsfestdageneoyrehagen-sunde-jorn_210625__foto_hans_jorgen_brun_8762-kvadratisk.jpg

Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved Institutt for offentlig rett, Universitetet i Oslo, holder foredrag om temaet «Politikk, makt og rett – den realpolitiske arva etter Olav den heilage» under årets Olavsfestdager i Roma, torsdag 17. oktober.

 

 

 

Guds under

Det var truleg Magnus Lagabøter sjølv som var kjelde til desse opplysningane som vaksen einekonge i Norge. Det er difor mykje mogeleg at det var hans eigne ord at hendinga var eit Guds under. Slik må den ti år gamle guten ha følt det, og han må ha spekulert på kvifor han ikkje døydde i ei så totalt øydeleggjande hending: Kva var Guds plan for livet hans?

Det er mogeleg at den framtidige kongen alt på dette tidspunktet fekk undervisning av fransiskanarane i Bergen. Dei hadde i 1240 etablert eit kloster i utkanten av byen, ved innfarten til torget. Ved vegen her sat dei elendige og vona at dei som kom til byen for å handla gav ein skjerv til tiggarane for å få Guds miskunn og slik gjera ein god handel. Gjennom å verta undervist av fransiskanarane, må Magnus ha vore kjent med dette slumområdet i Bergen. Kanskje var det her, i samfunnet si skuggeside, at han fann kva som var Guds plan for livet hans: å endra samfunnet gjennom lovgjeving.

 

«Det unike og storslåtte ved Landslova, gjer at vi må spørja kva det var som gjorde at Magnus Lagabøter klarte å gjennomføra eit slikt storverk. Ein del av svaret er altså at han var overtydd om at det var Guds plan med livet hans.»

 

Landslova av 1274 er kjernen i Magnus Lagabøter sitt store lovgjevingsprosjekt. Den er ei av fire riksdekkjande lovbøker som vart gjeven i heile Europa i mellomalderen, og den fyrste som vart faktisk brukt. Det unike og storslåtte ved Landslova, gjer at vi må spørja kva det var som gjorde at Magnus Lagabøter klarte å gjennomføra eit slikt storverk. Ein del av svaret er altså at han var overtydd om at det var Guds plan med livet hans.

 

Konge mot alle odds

Magnus Lagabøter er kongen som ikkje var meint å verta konge. Han hadde ein eldre bror, Håkon unge, som vart hylla som medkonge saman med faren alt i 1239. Håkon unge var fysisk sterk og glad i jakt. Den seks år yngre Magnus ser derimot ut til å ha vore sjukleg. I alle høve var han nær døden ved fleire høve, og i 1269 fekk han til og med den siste olje. Alle må ha rekna med at den eldre og sterkare Håkon unge skulle verta einekonge i Norge etter faren sin død, inkludert Magnus sjølv.

 

«For i staden for å vera ei del av kongen sin politiske elite, som var naturleg for ein kongsson, fekk Magnus i staden si utdanning av fransiskanarane i Bergen.»

 

Då Håkon unge fekk sonen Sverre i 1252, var Magnus tredje mann i arverekkefølgja, og opptatt med andre ting enn politikk og styring av riket. For i staden for å vera ei del av kongen sin politiske elite, som var naturleg for ein kongsson, fekk Magnus i staden si utdanning av fransiskanarane i Bergen. I slumområdet der klosteret deira låg, kan Magnus ha møtt døden igjen. Ikkje trugsmålet om eigen død fordi lynet slo ned, men andre si pine og død. Det må ha gjort inntrykk.

I 1257 døydde Håkon unge, og i 1261 døydde sonen Sverre òg. Dermed var Magnus brått den med best rett til den norske kongetrona. Så ikkje berre berga han livet i 1248, men i 1261 var det klart at han ville verta norsk konge mot alle odds. På dette tidspunktet har truleg erfaringa frå lynnedslaget og frå slummen i Bergen alt forma ei sterk overtyding hos Magnus: Gud hadde ein plan for livet hans.

 

Eit nytt menneskesyn

Då Magnus våren 1264 fekk melding om at far hans, kong Håkon 4., var død, visste han kva han ville gjera. Han sende straks ut sine vener, tiggarmunkane frå fransiskanarklosteret, som ambassadørar for å slutta fred med Skottland og forsterka freden med England. Magnus Lagabøter er faktisk den einaste kongen i norsk mellomalder som ikkje deltok i eller førte krig. Hans kall var å endra det norske samfunnet, og ta bort det som var vondt i Guds auge. Det var mykje å ta tak i.

 

«Hans kall var å endra det norske samfunnet, og ta bort det som var vondt i Guds auge. Det var mykje å ta tak i.»

 

Norge og norsk rett hadde på 1200-talet alt vore i stor endring i eit par hundre år. Kristninga hadde ført til eit stort verdiskifte. Ikkje minst førte ideen om at alle er skapt av Gud til at alle menneske fekk ein verdi. Dette førte til eit klarare skilje mellom makt og rett. For eksempel kunne ikkje den som følte seg forulempa ta hemn etter eige hovud. Den som hadde slavar, kunne ikkje handsama dei som anna eigedom. Far til unge kvinner kunne ikkje gifta dei bort mot sin vilje.

Men det nye menneskesynet førte ikkje berre til vern mot overgrep, men var eit fyrste forsiktig steg mot å gje rettar. For eksempel fekk dei arbeidsuføre fattige eit krav på hjelp i deira håplause situasjon. Truleg gjorde Magnus sine erfaringar frå slummen i Bergen til at han for eksempel innførte ei almisseplikt med Landslova, som vil seia ei plikt til å gje mat og støtte til arbeidsuføre fattige.

 

Den standhaftige kongen

Det nye menneskesynet utfordra etter kvart akutt eldre rett. Samstundes var nye lover ikkje utan vidare lett å få gjennom. Eit forbod mot hemnrett ville ta frå den politiske eliten deira rett til sjølvtekt. Den same eliten måtte vera med å betala for eit fattigomsorgssystem. Og eit reelt høve for unge kvinner å nekta å gifta seg med den far deira peika ut, gjorde at den politiske eliten mista høve til å bruka døtrene sine til å byggja økonomiske og politiske alliansar gjennom strategiske ekteskap.

 

«Det nye menneskesynet utfordra etter kvart akutt eldre rett. Samstundes var nye lover ikkje utan vidare lett å få gjennom.»

 

Vi ser òg at dette var tre samfunnsendringar som møtte motstand sjølv etter 1274, sidan dei er skrivne om eller direkte ut av fleire av dei mange manuskripta ein har bevart av Landslova. Det som må ha motivert Magnus Lagabøter til å likevel gjennomføra dei store samfunnsreformene med Landslova, var overtydinga om at det var Guds vilje at han skulle reformera det norske samfunnet gjennom lovgjeving. For Magnus var det forklaringa på at livet hans vart spart ved fleire høve, og at han vart konge i det heile.

Dette er viktig for å forstå korleis Magnus Lagabøter klarte å innføra eit forbod mot hemndrap og, 400 år før for eksempel Danmark, gav unge kvinner rettar som var så radikale at Kristian 4. tok dei bort i 1604, og utvikla eit fattigomsorgssystem som i all hovudsak var verksamt til 1900. Men kanskje den mest varige verknaden var ikkje reglane i Landslova, men haldningar den var med å leggja grunnlaget for.

 

Varig verknad

I si samtid var Magnus kjent som den milde. Frå 1400-talet vart Magnus kalla Lagabøter, som vil seia den som gjer lovene betre. I det hundreåret finn ein døme på at både Landslova vart omtalt som ein slags relikvie med kraft i seg sjølv til å gje rettferd, og at Magnus vart omtalt som heilag.

At Landslova vart nemnt som heilag skuldast ikkje at den var ein fjern idé som folk ikkje hadde eit forhold til. Heller tvert imot. Mengda av bevarte landslovsmanuskript indikerer at det på midten av 1300-talet, då folketalet i Norge var på sit høgste i mellomalderen, fanst eitt manuskript med Landslova per 1150 innbyggjar. Det betyr ikkje at alle hadde råd til eit eksemplar av Landslova, som kosta like mykje som ein liten gard. Men det betyr at alle visste kor ein fann eit manuskript med Landslova som ein kunne konsultera. Dette er nok ein viktig grunn til at vi finn at Landslova vart nytta i praksis.

At Landslova vart faktisk brukt, skuldast nok òg at den ikkje bare tilgodesåg den politiske eliten sine interesser. I staden var lovboka eit resultat av politiske kompromiss som gjorde at det vart tatt omsyn til samfunnsgrupper utan lobbyerande makt: Dei som ikkje kunne hemna seg sjølv, dei fattige og kvinner kom styrka ut etter Landslova av 1274. Det gjorde ikkje at alle fekk det betre med Landslova. For eksempel fekk kvinner som fødde barn utanfor ekteskap sin situasjon forverra. Likevel gjorde Landslova at lov ikkje stod fram som eliten sitt maktmiddel.

 

«I Landslova står det at den ikkje skal brukast dersom den gjev eit urimeleg resultat. I så fall har dommarane plikt til å setja lov til sides, og i staden døma slik at dei kan svara for dommen for Gud på den siste dag.»

 

Like viktig for Landslova sin popularitet, var at kongen ikkje tvang lovboka på innbyggjarane i riket. Heller tvert imot. I Landslova står det at den ikkje skal brukast dersom den gjev eit urimeleg resultat. I så fall har dommarane plikt til å setja lov til sides, og i staden døma slik at dei kan svara for dommen for Gud på den siste dag. I staden for at lov vart eit diktat, var det dermed eit stykke politikk som kunne utviklast vidare gjennom diskusjonar mellom bøndene på tinget.

Framleis er den norske rettskulturen prega av ein open lovgjevingsprosess med heller brei deltaking, av stor tillit til lov, og av ein stor grad av lekmannsdeltaking i rettssystemet, kombinert med ein stor vilje til å justera lov etter det som er rimeleg. Dette skuldast ikkje Landslova åleine. For det er ikkje mogeleg å ha så sterk kulturdannande verknad gjennom 750 år med skiftande samfunnsrammer. Men Landslova var med å leggja til rette for at dette skulle sementera seg som kulturelement i Norge. Det er bakgrunnen for den nasjonale markeringa av Landslova sitt 750 års-jubileum i 2024.

 

Storverket

Landslova må ha vekt oppsikt òg utanfor Norge. I 1269 bestemte pave Nikolaus 3. at alle som bad for Magnus Lagabøter, dronning Ingeborg og baronane deira, skulle få 100 dagar avlat. Dei som bidrog til å korta ned tida i Skjærsilden for den norske kongen og dei som stod han nær, skulle altså få viska ut 100 dagar synd frå livet sitt. Det var eit privilegium knapt nokon annan konge i Europa fekk på 1200-talet, og må ha vore ei erkjenning av det storverket Magnus hadde gjennomført med lovgjevinga si på 1260- og 1270-talet.

 

«Landslova må ha vekt oppsikt òg utanfor Norge. I 1269 bestemte pave Nikolaus 3. at alle som bad for Magnus Lagabøter, dronning Ingeborg og baronane deira, skulle få 100 dagar avlat.»

 

Våren 1280 var ei lovbok for Island ferdig. Det avslutta det store lovgjevingsprosjektet til Magnus Lagabøter, og samfunnsreforma det førte til. Den 9. mai døydde den fromme kongen. I testamentet sitt tilgodesåg han dei fattige i heile det norske riket med almisser som utgjorde om lag fem prosent av kongen sine årlege inntekter. Som Alf Tore Hommedal har peika på, ser det ut til at Magnus Lagabøter vart verande ein fransiskanar i hjarta heile livet.

Han ønskte heller ikkje å verta gravlagt i katedralen saman med resten av kongefamilien. I staden fann han kvile i Sankt Olavs kyrkja til fransiskanarane i Bergen. Her ligg han i koret saman med dronning Ingeborg, som var ein viktig støttespelar i lovgjevingsprosjektet, omgjeven av bøn og song.

 

Artikkelen ble først publisert i Vårt Land og i St. Olav – katolsk tidsskrift 1/2024.

 

Les mer

 

Abonner gratis på St. Olav – katolsk tidsskriftSkjermbilde 2024-03-21 kl. 15.03.30.jpeg

Ønsker du å motta kirkebladet gratis i posten, må du registrere deg som abonnent på én av følgende måter: