Jon Fosse: Asles juleevangelium

 

Jon Fosses storverk «Septologien» kom ut i tre bøker i 2019, 2020 og 2021. I denne romanserien, som mange regner som Fosses hovedverk, møter vi den aldrende kunstmaleren Asle som bor et sted nord for Bjørgvin. Hvert år før jul samler han bildene sine til en utstilling. Han er enkemann og lever i sorgen og savnet etter kona Ales. Romanen fremstår som en indre monolog uten punktum.  

NTB_mSKh_oLCHhk.jpg

VATIKANETS JULEKRYBBE: Slik ser årets julekrybbe på Petersplassen i Vatikanet ut. Foto: NTB / REUTERS, Remo Casilli

     

Asles juleevangelium  

....ja det einaste som gjer jula leveleg er å tenkja på at ein ung mann og ei ung jente er kjærastar, ja, ja litt som Ales og eg ein gong var, ja berre det at vi aldri fekk barn, det ville seg ikkje slik, nei eg må ikkje tenkja på Ales, tenkjer eg, det gjer for vondt, eg vil heller tenkja på at ei ung kvinne er med barn og sjølv om ho skal ha barn med ein annan mann så vil ein ung mann vera kjærast med henne, dei to er åleine i verda, og han, den unge mannen, tenkjer at han er så glad i den unge kvinna at sjølv om han ikkje er far til barnet ho ber på så må han hjelpa henne, dei må finna ein stad der ho kan føda, tenkjer den unge mannen og så går dei av garde dei to, den unge mannen og den unge kvinna, for å finna ein stad og nokon som kan hjelpa til, men medan dei går byrjar det å riva og å slita i kroppen til den unge kvinna og då dei er ved ein gard går dei dit og bankar på, men ingen lèt opp, så anten er ingen heime eller så vil ingen lata opp for dei, men huset er mørkt så mest truleg er det ingen i huset, og så går dei inn i løa, og det står nokre kyr på bås der, og i ein binge går nokre sauer, og det er vel varmen frå dyra som gjer at det ikkje er så kaldt inne i løa som utanfor og så legg den unge jenta seg ned i turrhøyet og der føder ho eit barn og ho seier at ein engel sa til henne at ho skulle føda ein gut, så det er nok eit gutebarn ho har født, seier ho og ho seier at engelen sa at ho ikkje skulle vera redd, for Gud var med henne og den unge mannen ser at det kjem som eit lys frå barnet, eit uskjøneleg vakkert lys, og så tek den unge kvinna fram det eine brystet sitt og så gjev ho barnet puppen og så tagnar guten, og han syg, han syg, tenkjer den unge mannen, og alt er som ikkje til å tru, for det lyser så forunderleg frå barnet som ligg der ved brystet til den unge kvinna, og så ser ho opp mot den unge mannen og ho smiler til han og den unge mannen tenkjer at dette, dette lyset, nei det kan han ikkje skjøna, for det lyser frå barnet der i mørkret, der i den mørke løa, nei dette er ikkje til å skjøna, tenkjer han, og så går han ut, for endå om det er kaldt på denne tid av året så er han sveitt vorten, og så står han der i vinden, i den kjølande vinden, og han lèt den kjølande lufta stryka andletet sitt og han ser opp og han ser ei stjerne lysa klårt, ja så mykje sterkare og klårare enn alle andre stjerner lyser stjerna, og ho lyser ned rett imot løa, og lyset frå stjerna er heilt likt lyset som kjem frå barnet, tenkjer han, og han ser stjerna senda ein stråle av lys rakt inn i løa, ei så tydeleg strime av lys, og det er nett det same lyset som kom frå barnet som kjem frå stjerna, nei dette er ikkje til å skjøna, tenkjer den unge mannen og han står der og ser på strålen av lys, han fylgjer strima av sterkt klårt lys med augo frå stjerna og nedover himmelen og så til ho går rett inn i løa, nei dette er ikkje til å skjøna, tenkjer han og no må han snart gå inn att og hjelpa den unge kvinna, tenkjer han og så lydest steg og så ser han tre underlege menn, tre menn han aldri før har sett, tre menn som ikkje liknar på nokon mann han før har sett koma gåande, langhåra er dei, og langt skjegg det har dei, og i uflidde klede med mange fargar kjem dei gåande imot han og han ser at dei har hendene fulle med teppe og klede og mat og smykke og vin og han veit ikkje kva dei ikkje ber med seg og då dei ser den unge mannen seier dei at dei kvar natt sit og ser på stjernene og prøver å tyda kva meining stjernene kan ha, og i natt då såg dei noko dei aldri før hadde sett, og noko dei aldri kom til å sjå om att, dei såg ei stjerne byrja å lysa så mykje sterkare og klårare enn dei andre og så såg dei ei strime av lys koma frå stjerna, og det var som eit uskjøneleg lys, det var vakkert og varmt og det var til å sjå på og til å forsvinna inn i, seier dei, og strima av lys peikte mot ein stad, og då visste dei, sa dei, at det lyset tydde at Gud no hadde sendt Menneskesonen til jord, det var dei sikre på, no hadde det skjedd, og så fylgde dei berre lyset frå stjerna og gjekk av garde og så kom dei som på unders vis til staden stjerna lyste imot, og no står dei der, utanfor løa, og lyset frå stjerna det lyser beint inn i løa, seier dei og no vil dei gje gåver til barnet som nyst er født, seier dei og eg tenkjer at det er dette lyset, ja nettopp dette lyset, ja det er dette lyset eg tenkjer på for å halda julaftan ut... 

 

Teksten ble først publisert i St. Olav katolsk tidsskrift 4-2023.  
Fra Jon Fosse: Det andre namnet. Septologien I-II (Samlaget 2019). Med forfatterens velvillige tillatelse. 

 

Les mer

 

Abonner gratis på St. Olav kirkebladSkjermbilde 2023-12-18 kl. 14.22.00.jpeg

Ønsker du å motta kirkebladet gratis i posten, må du registrere deg som abonnent på én av følgende måter:

  • Via dette skjemaet
  • Send en SMS til nr 969 43 490 med kodeord STOLAV etterfulgt av navn og adresse
  • Send E-post med navn og adresse til abonnement@katolsk.no