Kristenretten 1000 år: Byrjinga på ein gjennomgripande prosess som skulle endre landet vårt

 

IMG_6334.jpeg

MEKTIG MØTE: «Ifylgje kjeldene var deltakarane på Mostratinget kong Olav og hans fylgje på den eine sida og biskop Grimkjell saman med det øvrige presteskapet på den andre sida, altså eit møte mellom konge og kyrkjemakt», skriv artikkelforfattar Sindre-Jacob Bolstad. Biletet viser Olavsstatuen på Stiklestad, som vart laga av biletkunstnaren Dyre Vaa i 1973.

 
 
Mostratinget i 1024 vert rekna som startskotet for den formelle innføringa av kristen rett i Noreg  og var samstundes  byrjinga på ein gjennomgripande prosess som skulle endre både verdisyn og samfunnsordninga i landet vårt. 

 

Tekst: Sindre-Jacob Bolstad  

 

I 2024  feirar vi at det er 1000 år sidan innføring av kristenretten i Noreg - det sokalla Mostratinget på Bømlo i Sunnhordland . Det er P.A. Munch som har rekna seg fram til året 1024.   Problemet knytt til tidfesting og innhaldet i framlegget skyldast at vi ikkje har skriftlege kjelder som kan dokumentere kva som eigentleg hende. Skriftfesting av Gulatingslova og dei andre lagtingslovene – Frostating-, Borgarting- og Eidsivatinglovene – skjedde truleg fyrst på 1100-talet. Det dei fleste er samde om er at det har funne stad eit tingmøte ein gong mellom 1020-24 på Moster, der det vart forhandla om eit framlegg til ein kristenrett som vert tilskriven kong Olav Haraldsson.  

 

Konge og kyrkjemakt

Ifylgje kjeldene var deltakarane på Mostratinget kong Olav og hans fylgje på den eine sida og biskop Grimkjell saman med det øvrige presteskapet på den andre sida, altså eit møte mellom konge og kyrkjemakt. Mykje tyder på at det var eit riksdekkande møte mellom stormenn og geistlege der kong Olav Haraldsson og biskop Grimkjell fekk drøfta og vedteke eit framlegg til ein kristenrett som sidan skulle danne norm for ein landsdekkande kristenrett. Men kongen hadde ikkje lovgjevingsmakt på den tida Mostratinget fann stad. For at  kristenretten skulle få rettskraft måtte den difor vedtakast på kvart einskilt lagting. Det som skjedde på Moster kan reknast som første skrittet i den formelle rettslege innføringa av kristendommen som nasjonal religion i Norge. Det var samstundes startskotet for ei gjennomgripande samfunnsordning som skulle endre verdisynet i landet fullstendig.  

Den eldre Gulatingslova er den landskapslova som reknast for fyrst å ha vedteke ein kristenrett og byrjar slik: 
 
«Det er det fyrste i lovene at me skal  bøygja oss mot aust og beda til den heilage Krist um godt år og fred og  um at me må halda landet vårt bygt og ha landsdrotten vår lukkeleg. Han vere vår ven og me hans og Gud ven til oss alle». 

 

NTB_GnDmUojenoE.jpg

GUDS MAKT: «Viss det er Gud som har gjeve liv, er det berre Gud som kan råda over livet. Fram til no hadde styrke og makt vore grunnlag for rett», skriv Bolstad. Bilete er frå middelalderspelet Mostraspelet ved Mosterhavn. Foto: NTB, Helge Hansen 

 

Strategisk viktig

Innføring av kristenrett må samstundes sjåast i samanheng med rikssamling. Innføring av kristendommen og rikssamling var sannsynlege hovudmotiv for kongen. Det var strategisk viktig for kong Olav Haraldsson å skape einskap i riket, og kristenretten og kyrkjeorganisasjonen var viktige instrument i ein slik strategi.  

Både kristninga, rikssamlinga og innføringa av kristenretten  var ein langsam prosess. Men Mostratinget representerer eit viktig tidskille og byrjinga på ei rettsleg utvikling fram mot Landslova av 1274, altså ein prosess på over 250 år. Mostratinget kan med andre ord reknast som startskotet til ei riksdekkande rettsleg utvikling som vi ikkje hadde sett maken til før her til lands. Kva var kjeldene til denne utviklinga? Rettshistorikaren Absalon Taranger hadde allereie i 1890 argumentert for ein samanheng mellom  den norske kristenretten og angelsaksisk  rett, og meinte at dei norske kristenrettane i dei fire lagdøma hadde ein felles kjerne (slik også Knut Helle, Gulating og Gulatingslova, 2010) som hadde sitt opphav frå Mostratinget. Innverknad frå andre rettsområde kjenner vi diverre lite til. 

 

«Kristenrettane slik dei truleg vart vedtekne på Moster, var nok berre fragment og spede forsøk på å sikra at folk overheldt grunnleggjande kristne verdiar.» 

 

Overordna prinsipp

På Mostratinget er det truleg at det vart semje om nokre overordna prinsipp som kyrkjehald, biskopane si rolle, høgtidshald og mogeleg einskilde detaljar som dåp , barneutsetjing, trælehand og bloting mellom anna. Detaljerte kristenrettar føreset ein relativt velutvikla kyrkjeorganisasjon som nok ikkje var tilfellet den gong.  Det var til dømes på den tida ingen faste bispestolar og ingen heilheitleg kyrkjeleg organisasjon. Det kom fyrst ved opprettinga av erkebiskopsetet i 1153/54.  Eit vedtak eller framlegg på Moster vart  dessutan formidla munnleg og det er usannsynleg at  dei ulike lagtinga  var  utrusta til å formidla eit omfattande og detaljert lovvedtak.  

Det som er meir interessant i denne samanhengen, er kristninga av normer og samfunnsverdiar. Det handlar om kristen kvardagspraksis som skulle opne opp for ei progressiv kristning – bort frå heidendom og over mot humanistiske og kristne samfunnsverdiar. I alle høve hadde kristenretten som konsekvens at gamal sed vart skipla om. Nye rettsreglar kom langsamt til og skulle endra synet på mennesket. Alle menneskje var fødde i Guds bilete ifylgje Moseboka og livet kunne ikkje utan vidare tuklast med.  Det kunne difor ikkje lenger være opp til ætta å avgjere om liv kunne takast (blodhemn). Viss det er Gud som har gjeve liv, er det berre Gud som kan råda over livet. Fram til no hadde styrke og makt vore grunnlag for rett. Med kristninga vart makt og rett skilt frå kvarandre. Rett var noko som sprang ut av Gud sin vilje. Innføring og praktisering av slike livsreglar ville sjølvsagt krevje både tolmod og tid, då det handla om ei heilomvending bort frå gamal Åsatru og seder, der ætta hadde definert rettstryggleik gjennom maktbruk. Utan ætta hadde det tidlegare knapt vore rettstryggleik for den einskilde. 

 

 

IMG_7128.jpeg

SAMFUNNSENDRAR: «Det vaks fram ei ny forståing av individet der mennesket fekk eigne rettar og ansvar og ikkje lenger vart definerte ut frå tilhøyrsle til ætta. Dimed var det individet og ikkje ætta som vart rettssubjekt», skriv Bolstad om prosessen som var innleia av Heiag Olav på Mostratinget i 1024. Her Olavsalteret i San Carlo al Corso-kyrkja i Roma. Olav held jorda med kristkorset og i bakgrunnen ser vi ei kyrkje. Foto: Petter T. Stocke-Nicolaisen 

 

Langsam prosess

Desse endringane måtte skje gjennom ein langsam prosess. Kristenrettane slik dei truleg vart vedtekne på Moster, var nok berre fragment og spede forsøk på å sikra at folk overheldt grunnleggjande kristne verdiar. Det handla kanskje om at barn skulle døypast, døde skulle gravleggast i vigsla jord, barn ikkje skulle setjast ut for å døy, ein skulle opphøyra med heidne skikkar som bloting osv. Slik skulle kvardagslivet langsamt endrast i kristen lei.  Mykje tyder på at det var først under Magnus Erlingssons regjeringstid frå 1161–84, og i samband med hans kroning i 1163/64 at Heilag Olavs kristenrett vart forsterka og tydeleggjort i den lovreforma som då vart vedteken. Reglar om forbod mot barneutbering vart tydeleggjort, og likeins vart ekteskapet som sakrament harmonisert med kyrkja si lære. Brotsverk var like mykje brotsverk mot Gud som mot menneske.  

Det var tale om overordna verdiar som spring ut frå Gud som livets skapar. Det vaks fram ei ny forståing av individet der mennesket fekk eigne rettar og ansvar og ikkje lenger vart definerte ut frå tilhøyrsle til ætta. Dimed var det individet og ikkje ætta som vart rettssubjekt. Dette innebar at ætta si tidlegare rolle vart langsamt svekt. Mykje av grunnen til denne styrkinga av konge- og lovgjevarrolla samanlikna med Mostratinget, var knytt til bruken av skriftlege lover. Dette var noko nytt. Skriftfesting skulle etter kvart også bli avgjerande for det rettstekniske og lovmessige arbeidet som leidde fram mot Landslova i 1274. Ettersom Magnus var ein barnekonge, må nok denne utviklinga tilskrivast far hans, Erling Skakke, men særleg erkebiskop Øystein Erlendsson som hadde si utdanning blant anna frå St. Victor i Paris og nok var godt kjent med europeisk kyrkjerett og praksis. Desse forholda er utførleg og fordømeleg drøfta i J. Øyrehagen Sunde si bok «1000 år med norsk rettshistorie», Oslo 2023. 

Ein ser med dette ei klår linje i rettsutviklinga som starta på Moster i 1024, via Magnus Erlingssons «fredslov» frå 1163/64 til landslova i 1274. Dette er ei utvikling av verdiar og rettstryggleik for individ og samfunn det er grunn til å vere stolte av, og eit jubileum det er grunn til å feira. 
 

Saka vart først publisert i St. Olav katolsk tidsskrift 1-2024.  

 

Les mer

 

Se filmserien om Kristenretten 

Hendelsen som forandret Norge | Episode 1

 

Hendelsen som forandret Norge | Episode 2

 

Hendelsen som forandret Norge | Episode 3

 

Abonner gratis på St. Olav kirkebladSkjermbilde 2024-03-21 kl. 15.03.30.jpeg

Ønsker du å motta kirkebladet gratis i posten, må du registrere deg som abonnent på én av følgende måter:

  • Via dette skjemaet
  • Send en SMS til nr 969 43 490 med kodeord STOLAV etterfulgt av navn og adresse
  • Send E-post med navn og adresse til abonnement@katolsk.no