Fosse i nobelpristalen: Rørt av dei som seier at diktinga mi har redda livet deira

NTB_Ef4h9l0u5NY.jpg

NOBELFØREDRAG: Jon Fosse, nobelprisvinnar i litteratur 2023, held Nobelføredrag i Svenska Akademien i Stockholm. Foto: NTB /TT News Agency, Fredrik Persson

 

Jon Fosse har vore redd for at han har vore med på å legitimere sjølvmord i diktinga si. Difor blir han rørt av dei som seier at diktinga hans har redda livet deira.

 

Tekst: Fredrik Moen Gabrielsen, NTB

 

– Det er fleire sjølvmord i diktinga mi. Fleire enn eg likar å tenkja på. Eg har vore redd for at eg slik kan ha vore med på å legitimera sjølvmord, sa Fosse i nobelpristalen sin i Svenska Akademien i Stockholm torsdag ettermiddag.

Medan han har vore rørt av dei mange gratulasjonane for nobelprisen, er det difor nokre av dei som har rørt han meir enn andre.

– Det som rørte meg aller mest, var dei som med reine ord skreiv at diktinga mi rett og slett hadde redda livet deira, sa 64-åringen.

– Eg har for så vidt alltid visst at dikting kan redda liv, kanskje har den til og med redda mitt eige. Og om dikting mi også kan hjelpa til med å redda andre sitt liv, ja så kan ingenting gleda meg meir enn det.

 

Fann tryggleik i skrivinga

Han fortalde vidare om korleis han hadde ein redsel for høgtlesing då han gjekk på ungdomsskulen. Seinare begynte han å skriva eigne tekstar, små dikt og forteljingar.

– Eg opplevde at å gjera det gav meg tryggleik, gav meg det motsette av redsle. Eg fann liksom ein stad der inne i meg som var berre min, og frå den staden kunne eg skriva det som var berre mitt.

– No, kring femti år seinare, sit eg framleis og skriv – og eg skriv framleis frå denne hemmelege staden inne i meg, ein stad eg sant å seia ikkje veit så mykje meir om enn at han finst, sa Fosse.

Fosse har tidlegare omtalt seg sjølv som ein einstøing. Og i nobeltalen sin fortalde han om det einsame livet som skrivande menneske.

– Det som greip meg då eg for første gong såg noko eg hadde skrive framført på ein scene, ja det var nettopp det motsette av einsemd, det var fellesskap, ja å skapa kunst gjennom å dela kunst – og det gav meg ein stor glad tryggleik gjennom å dela kunst.

 

 

Frå dårleg kritikk til prisar

Han letta også litt på sløret når det gjeld sjølve skriveprosessen og korleis teksten somme gonger kjem av seg sjølv.

– Noko anna, kanskje litt merkeleg, er at eg alltid når eg skriv ein eller annan gong, får ei kjensle av at teksten alt er ferdigskriven, der ute ein eller annan stad, ikkje inne i meg, og at det berre gjeld å skriva han ned før teksten forsvinn.

Fosse fortalde om korleis dei første bøkane hans fekk dårleg kritikk. Han bestemde seg då for at han aldri meir skulle høyra på kritikarane, men heller stola på seg sjølv og halda fast ved sitt.

– Og det meiner eg at eg har klart å gjera, og eg trur sant å seia at eg skal klare det sjølv etter å ha fått Nobelprisen.

 

Sjå Jon Fosses nobelføredrag 

 

Jon Fosses Nobel-program i Stockholm

  • Torsdag 7. desember klokken 17 holdt Fosse sitt nobelforedrag på Svenska Akademien i Stockholm.
  • Fredag 8. desember klokken 10 besøker forfatteren biblioteket i Stockholm-forstaden Rinkeby. Der vil han møte noen svenske barn og ungdommer, noe som har vært tradisjon for litteraturpris-vinnerne siden 1988.
  • Lørdag 9. desember klokken 10 besøker årets nobelprisvinnere Nobelprismuseet. Prisvinnerne er bedt om å ta med en gjenstand som symboliserer dem selv og deres virke. De signerer også en stol til museets restaurant. Fosse er ikke til stede på dette arrangementet.
  • Søndag 10. desember – på Alfred Nobels dødsdag – klokken 16 deles Nobelprisene ut. Fredsprisen deles ut i Oslo rådhus, mens de øvrige fire deles ut i Stockholms konserthus. Klokken 19 æres vinnerne med en stor bankett i byens rådhus, hvor prisvinnerne holder en takketale. Fosse er til stede på både prisutdelingen og banketten.

 

Les mer