I 2024 feirer vi 750-årsjubileum for Magnus Lagabøtes landslov. Vi har spurt rettshistorikar Brage Thunestvedt Hatløy ved Det juridiske fakultet 10 spørsmål om Landslova.
Tekst; Kim Einar Andreassen,
Universitetet i Bergen
TIL OLSOK: Rettshistorikar Brage Thunestvedt Hatløy
kjem til Olsokseminaret 2024 mandag 29. juli. Foto: UiB
29. juli er Hatløy ein av tre føredragshaldarar på Olsokseminaret 2024 under parola «Frå heidenskapens brutalitet til kristendomens miskunn». Hatløy, som er ein leiande ekspert på Landslova, skal halda føredraget Kristenrett. Landslov. Norge 2024.
– Kvifor ville Magnus Lagabøte lage ei lov for heile landet?
– Det er vanskeleg å peike på ein grunn åleine bak Landslova. Generelt kan ein seie at lovene skulle verte betre og klårare. Lagabøter kan omsetjast som «lovforbetrar», og Landslova tok sikte på å forbetre den eksisterande lovsituasjonen.
Til dømes var lovgjeving ein måte å klårgjere spørsmålet om kven som skulle ha kongemakta og dermed unngå ei gjentaking av borgarkrigsperioden like før. Det var godt for freden i samfunnet at det ikkje var tvil om kven som var tronarving, men det gav også den sitjande kongen mykje makt til å definere framtida.
– Kva tente folket og kongen sjølv på denne lova?
– Lova gjorde mange reglar klare, tydelege og tilgjengeleg, som var godt for samfunnet. Ikkje alle kunne lese og skrive på den tida, men lova vart kopiert i mange eksemplar og spreidd og brukt på tinga. Dette gjorde det mogleg å redusere konfliktar, oppklare rettslege spørsmål og gjennomføre ny politikk i heile landet. Kongen hadde stor makt gjennom lovgjeving, og Landslova viste korleis han ønskte at samfunnet skulle fungere.
Tidlegare hadde ein ikkje same lov i heile Noreg. Det fanst fire ulike lovområde, Eidsivating, Gulating, Frostating og Borgarting, og kvart område hadde truleg si eiga lov. Fleire lover skapte usemje og uklarheit. Med éi skriftleg lov vart det enklare å avgjere rettslege problemstillingar i heile landet. Éi felles lov for kongeriket var òg med på å bygge opp om ideen om eitt kongerike.
– I kva grad byggjer Landslova på dei andre lovene som fanst?
– Det kjem tydeleg fram at Landslova ønskjer å uttrykkje at ho byggjer på eldre rett. Samstundes har ho innslag av mykje ny rett og endringar. Det er eit tolkingsspørsmål i kva grad endringane tilpassar eldre rett eller inneheld ny rett. Om lag halvparten av lova er heilt klart basert på eldre rett, medan den andre halvparten er tydeleg annleis. Så mykje som ein fjerdedel av Landslova kan ha vore heilt ny rett.
– Lagde Magnus Lagabøte Landslova åleine eller saman med andre?
– Kongen er svært aktiv i teksten, men seier aldri sjølv at «dette er mi lov til dykk». Landslova, eller kong Magnus Lagabøtes landslov, har fått dette namnet i ettertid.
Kongens fortale fungerer som ein introduksjon og nesten ein bruksanvisning på kvifor lova ser ut slik ho gjer. Det verkar å ha vore viktig at kongens rammeforteljing for lova skulle vere med, men fortalen er likevel tydeleg på at den ikkje er del av lova. I fortalen seier kongen at dei vise mennene på tinga har sagt at dei ønskjer at kongen skal bøta på lovene deira, og at lovboka skal sjå ut slik som kongen ønskte. Då lova vart lagt fram, vart ho presentert som reviderte versjonar av lagtinga sine lover. Kongen sa at han hadde tilpassa og reparert dei gamle lovene.
Vidare seier kong Magnus at han har fått hjelp av dei beste menns råd. Me er ikkje sikre på kven dette var, men det er kjent at det var ein gruppe personar i den norske kongen sin administrasjon på den tida som hadde høg utdanning og fungerte som diplomatar.
HØG KVALITET: Årets føredragshaldarar under Olsokseminaret 2024 er forfattar og fagleg leiar ved Åpne dører Ole Petter Erlandsen; historikar og forfattar Øystein Morten og dessutan postdoktor Brage Thunestvedt Hatløy ved Det juridiske fakultetet, UiB. Konferansier er p. Torbjørn Holt, vert biskop Bernt Eidsvig og kunsthistorikar Ole Rikard Høisæther held årets Olavsforedrag etter pontifikalmessa, som byrjar kl. 18.00. Fotomontage: Foto: Noregs Kristne Råd, Spartacus forlag og Petter T. Stocke-Nicolaisen
– Korleis klarte han å få folket og tinga med seg på dette?
– Landslova kom som del av ein lang prosess med rettsreformer. Når me kjem til 1274, hadde både Magnus og faren, kong Håkon Håkonson, vore gjennom fleire rundar med å revidere dei gamle lovene. Grunnen til at dei fekk folket med seg var nok på grunn av stor støtte for ideen om at lov var noko kongar burde drive med. I tillegg var kongen i ein svært sterk posisjon etter borgarkrigane. No hadde ein endeleg løyst tronspørsmålet, og folket ønskte fred.
– På kva måte kan Landslova knytast til internasjonale straumar i mellomalderen?
– Landslova blir oftast sett i lys av ideen om lovgjevande kongar. Den som var konge over eit kongerike i Europa kunne gi lov over sitt rike, på same måte som den romerske keisaren kunne gi lover for sitt keisardømme. Det var ein tanke som var i framvekst, og dette var perioden då europeiske kongeriker utvikla seg som stabile styringssystem over heile Europa. Der er det norske berre eitt av fleire eksempel.
Landslova blir kalla det tredje eksempelet på ei riksomfattande lovgjeving, som vil seie at kongen gir lov for heile sitt kongerike. Den første var keisar Fredrik 2. for kongeriket Sicilia, i kraft av å vere konge. Den andre var kong Alfonso 10. av kongeriket Castilla. Av dei tre var den norske Landslova kanskje den mest vellykka, mellom anna fordi den var godt tilpassa dei institusjonelle forholda i Noreg.
I tillegg bygger Landslova på ein eldre tanke om å skape fred i samfunnet gjennom fredslovgjeving, som på ulikt vis og i ulik grad verka inn på rettsutviklinga i Europa.
– Kva har Landslova hatt å seie for Noreg seinare, til dømes i nasjonsbygginga i 1814?
– Rundt 1814 var det ei enorm interesse for mellomalderen, men då så gamalt som mogleg. Dei var mest opptatt av dei eldste lovene, som Den eldre Gulatingslova.
Landslova frå 1274 kan likevel ha fungert som ein identitetsmarkør for at det fanst eit rike som heiter Noreg og har hatt si eiga lov gjennom unionsperioden og langt ut over 1600-talet.
– Kva tyding har Landslova for Grunnlova og norsk rett i dag?
– Veldig liten, både før og etter 1814. Det har vore for mange rettsreformer i mellomtida, og Landslova var meint for eit særs annleis samfunn.
FORMA NOREG: Magnus Lagabøtes landslov vart vedteke i 1274. Lova avløyste dei fire landskapslovane for Frostating, Gulating, Eidsivating og Borgarting, og gjorde at Noreg fekk ei felles lovbok. Foto: NTB, Cornelius Poppe
– Kvifor gir vi så mykje merksemd til Landslova no 750 år etterpå?
– 750-årsfeiringa er i seg sjølv historisk ved at ein no har fått augo opp for Landslova.
I nyare tid har det blitt utført stadig meir forsking på kva rolle Landslova eigentleg hadde i å definere denne perioden i norsk rettshistorie. Ho fortener mykje merksemd som forskingsobjekt, fordi ho er kvalitativt sett god og godt skriven. Ho er òg eit vitnesbyrd på kva slags samfunn Noreg var i høgmellomalderen, i tida mellom borgarkrigsperioden og svartedauden, då kongeriket var på sitt sterkaste og samstundes fredelegaste. Landslova viser også at ein i Noreg følgde med på det som skjedde internasjonalt, og ønskte å delta og hevde seg som eit moderne kongedømme på den tida..
Jubileet er ein del av å gi Landslova den merksemda ho bør ha no i vår lovgivingshistorie i moderne tid.
– Nokre år seinare kom òg Bylova. Kvifor trengte landet og byane ulike lover? Var dei så ulike?
Ja. Livsforholda var heilt ulike, særleg med tanke på økonomisk aktivitet og omstende. Mykje var likt, men delar av lovene var særleg tilpassa byforhold eller landlege forhold.I tillegg hadde truleg også dei ulike byane ulike lover før Bylova kom i 1276 og laga ei felles lov for dei alle. Det skal me sjå nærare på fram mot 2026, når me feirar 1276.
Artikkelen ble først publisert av Universitetet i Bergen
LOVPIONEER: I år feirar vi at det er 750 år sidan kong
Magnus Lagabøtes Landslov vart til. Foto: Solfrid T. Langeland
Fakta om: 1274 Landslova
- Landslova var då den vart vedteken ei av tre riksdekkande lovbøker i Europa i høgmellomalderen. Dei andre to var Liber Augustalis i Sicilia frå 1241 og La Siete Partidas i Castilla frå 1265 (Sunde 2023, s. 104). Dette syner kor langt framme Noreg var på lovfeltet.
- Landslova var ei felles lovbok for alle lagdøma i landet og omfatta også Færøyane, Shetland og Orknøyane.
- Landslova vart viktig fordi den ga samfunnet den rettslege reguleringa det trengte etter at dei gamle landskapslovene hadde utspelt si rolle.
- Lova hadde sjølvsagt også stor innverknad på riks- og statsbygginga. Den var både radikal og framtidsretta og var gjeldande i meir enn 400 år.
- Landslova skulle styrkja ein allereie sterk tillit til lova her til lands. Med landslova står kongen fram som den dominerande statsmakta, han står over lova, og tinget har veke plassen som lovgjevar til fordel for kongen. Tinget skulle heretter berre ha dømande makt.
- Reglar som tidlegare hadde vore uklåre vart med Landslova tydeleggjort og gjort i samsvar med kanonisk rett.
(Kilde: Sindre-Jacob Bolstad)
LOVGJEVAR: Utsnitt av miniatyrmåleri frå lovskriftet
Codex Hardenbergianus, eit illuminert handskrift frå
1300-talet, som viser kong Magnus Lagabøte
som gjer frå seg Landslova i 1274. Foto: Wikimedia
Fakta om: Magnus Lagabøte
- Navn: Magnus 6., Magnus VI, Magnus Håkonsson
- Født: 1238, Tønsberg
- Døpt: 3. mai 1238
- Død: 9. mai 1280, Bergen
- Begravelsessted: Begravet i fransiskanernes Olavskirke i Bergen
- Familie: Foreldre: Kong Håkon 4. Håkonsson (1204–1263) og dronning Margrete Skulesdatter (ca. 1210–1270).
- Gift 11.9.1261 med Ingeborg Eriksdatter (ca. 1244–1287). Far til Eirik 2. Magnusson (1268–1299) og Håkon 5. Magnusson (1270–1319); bror til Håkon Håkonsson Unge (1232–1257) og Kristin Håkonsdatter (1232–1264).
Kilde: Store norske leksikon
Oslok i Oslo 2024
Program
VELKOMMEN: Biskop Bernt Eidsvig og sogneprest i St. Olav domkirkemenighet p. Carlo Borromeo Le Hong Phuc ønsker alle troende hjertelig velkommen til Olsokfeiring i bispedømmets hovedsete, St. Olav domkirke. Foto: Petter T. Stocke-Nicolaisen
Foredragsholder: Forfatter
og historiker Øystein Morten.Søndag 28. juli
Omvisninger i Akersveien ved godkjent Oslo-guide Mari Atlanta Lunde:
- Kl. 12.00: Til Gamle Aker kirke, 75 minutter.
- Kl. 14.00: Til Gamle Aker kirke, 75 minutter.
- Kl. 16.00: Til Gamle Aker kirke, 75 minutter.
Oppmøte: Trappen foran domkirken.
Obligatorisk påmelding: Meld deg på via dette skjemaet.
Mandag 29. juli (olsokdagen)
Biskop Bernt Eidsvig inviterer til seminaret «Fra brutalitet til barmhjertighet», som markerer at vi feirer Kristenrettens 1000-årsjubileum og Landslovens 750-årsjubileum.
- Sted: Menighetssalen, Akersveien 5
- Konferansier: P. Torbjørn Holt.
- Obligatorisk påmelding innen 25. juli: pamelding@okb.katolsk.no
- Kl. 10.00 – 11.00: Vikingkongenes tro
- Foredragsholder: historiker og forfatter Øystein Morten.
- Kl. 11.15 – 12.15: Hva endret seg med kristenretten?
- Foredragsholder: forfatter og faglig leder i Åpne dører Ole Petter Erlandsen.
- Kl. 12.15 – 13.00: Lunch, enkel lunchservering, inkl. i seminardeltagelsen.
- Kl. 13.00 – 14.00: Kristenrett. Landslov. Norge 2024.
- Foredragsholder: Rettshistoriker Brage Thunestvedt Hatløy ved Det juridiske fakultet, UiB.
- Kl. 14.00 – 14.30: Hellig Olav sett med katolske øyne.
- Foredragsholder: P. Torbjørn Holt.
*** Seminar slutt ***
OLSOKKONSERT:
Domorganist Otto Christian Odland.Kl. 15.00: Omvisning i Akersveien ved godkjent Oslo-guide Mari Atlanta Lunde.
Oppmøte: Trappen foran domkirken.
Obligatorisk påmelding: Meld deg på via dette skjemaet.
Fra kl. 17.00: Omvisning for barn ved Mari Atlanta Lunde. Avsluttes med is.
- Oppmøte: Trappen foran domkirken.
- Obligatorisk påmelding: Meld deg på via dette skjemaet.
Kl. 17.00: Olsokkonsert i St. Olav domkirke ved domorganist Otto Christian Odland og den tsjekkiske sopranen Miriam Miskovsky.
VELSIGNELSE: Under pontifikalmessen ved biskop Bernt Eidsvig velsignes forsamlingen med Helligdomsarmen, som her under olsokmessen 2023, er plassert på alteret. Foto: Petter T. Stocke-Nicolaisen
Kl. 18.00: Pontifikal olsokmesse med avduking av ny Olavsskulptur.
Kl. 19.00: Olavsforedraget 2024 om St. Hallvard og St. Olav ved forfatter og kunsthistoriker Ole Rikard Høisæther. Foredragets tittel er «Hellig Olav og Hellige Hallvard – forbundet gjennom kristentro og slektsbånd».
- Sted: Menighetssalen.
Kl. 19.45: Servering.
Les mer om olsokdagens foredragsholdere:
- Ole Petter Erlandsen: Kristenretten 1000 år: Historieleksjonen du aldri fikk og omtale av«Anno 1024».
- Øystein Morten: På sporet av Hellig Olav
- Ole Rikard Høisæther: St. Hallvard 1000 år: Fortsatt et ideal å strekke seg etter og Boken om St. Hallvard er skrevet
Les mer om Hellig Olav, olsok og kristenretten:
- Olsok: Norge er bygd på Hellig Olav
- Kristenretten 1000 år: Byrjinga på ein gjennomgripande prosess som skulle endre landet vårt
- Kongen som formet Norg
- Olav den hellige (995 – 1030), p. Olav Müllers biografi over Hellig Olav
- Hellig Olavs liv og levnet, artikkel (2012) av Olav-biograf og idéhistoriker Lars Roar Langslet
- Hellig Olavs legeme i Trondheim (1955), artikkel av Johannes J. Duin
Les mer om Magnus Lagabøte:
Olsok i Trondheim;